DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Ho og dei andre bak huset "med det rare i", har lagt opp drifta slik at Nærleiken skal vere ein stad for sansane. Draumen er å skape ein plass som appellerer til livsglede og undring. Difor har dei lagt vekt på verdiar som rettferdig handel, miljøbevisstheit, omsorg i form av god tid, fellesskap, humor, kunst og handverk.
Ingen A4-jobb
- Eg kunne hatt ein A4-jobb, men har valgt å satse på Nærleiken fordi eg ønskjer å vere lokal. Akkurat no er det travelt fram til vi har ein meir romsleg økonomi og det blir til at eg jobbar mykje aleine. Mannen min, Brigt, har full jobb ved sidan av, men må trø til i helgane som bartender, ler Gro Rukan.
Eikefjord
- Mange lurte på kvifor vi valde å starte noko slikt i Eikefjord, som dei meinte ikkje akkurat var verdas navle? Mitt svar er at min navle nettopp er i Eikefjord og då dreg eg ting til meg der eg er - ting eg er oppteken av, seier ho.
Ho og mannen Brigt tok over familiegarden som no husar ein familie på fire, 34 sauer, 26 lam, 8 kyllingar på badet, 18 i rugemaskin og der hunden ventar kvalpar.
Tips 1: Økonomisk Sahara
På spørsmål om ho har tre gode råd basert på eigne erfaringar til andre gründarar, seier ho. - Eg trudde eg skulle kunne ta ut løn til meg sjølv tidlegare. Det har ikkje skjedd og eg må kanskje vente endå eit halvt år til før eg torer det. Vi har investert forsiktig, men brukt pengane på design og marknadsføring. Mitt råd til dei som vil starte eigen bedrift er å vere førebudd på ein "økonomisk Sahara" - lenge - og ikkje bli altfor bekymra over det. Det er nok heller normalsituasjonen.
Tips 2: Løft blikket
Gro åtvarar mot å gå så mykje opp i den daglege drifta at ein ikkje prioriterer nettverksbygging og det å få seg ein tur "ut".
- Det kjem mykje godt ut av det å vere nysgjerrig og utadretta, løfte blikket, og kome seg litt vekk. Her kan ein få mykje energi og det er viktig. Ellers kan vi fort gå tomme og det gagnar ingen, seier ho.
Gro er med i Innovasjon Norge sitt program Fram Kultur, som går over 1 år og der 12 ulike bedrifter er med - alt frå utøvande kunstnarar til kulturformidlarar. - Eg har stor nytte av å møte andre og finne samarbeidspartnarar, i tillegg til det faglege, understrekar ho.
Tips 3: Godt samansett styre
Fleire tips frå Gro Rukan er å sette saman eit mangfaldig styre. Sjølv er ho veldig fornøgd med sitt eige styre, som er personar med kompetanse på alt frå økonomi, kunst, fair-trade, marknadsføring og lokalmiljø.
- Det har vore viktig å finne folk som kan utfylle kvarandre og gje god stemning i styrerommet, seier ho.
Tips 4: Stayerevne
Ho har dagar med tvil om prosjektet hennar kan gå rundt, men aldri dagar der ho har angra på at ho starta.
- Vi må kunne drive så lenge at vi veit sikkert om det går eller ikkje, iallefall nokre år. Ingenting er endeleg. Vi kan alltids justere oss og lære av våre feil, seier Rukan som trur folk likar verdivala dei har gjort.
- Eg jobbar for det meste åleine, noko som kan røyne på når det kjem inn mange som skal både ha servering og omvisning på same tid. Då er det om å gjere å puste med magen, snakke med kundane og tilby det beste vi har. Vi skal ha tid til kvarandre og gje folk den gode følelsen, avsluttar ho.
Les meir om Nærleiken på den nye nettsida og på Eikefjord.net
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |