DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Onsdag var dagen for at næringslivet i Sogn og Fjordane kunne snakke direkte med makta – som hadde flytta seg frå Oslo. På båten frå Florø til Solund var det lagt opp til eit samråd mellom representantar frå næringslivet i fylket og dei tre ministrane; statsminister Jens Stoltenberg, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Sjå og høyr reaksjonane deira på videoen som servicesenteret til departementet har laga.

- Lydhøyre ministrar
Gründerparet Njål og Linn Dyveke Wilberg har etablert fleire bedrifter på Mjømna i Gulen; askadam og sist mp3-butikken beat.no.
- Kva inntrykk sit de att med etter møtet?
- Kort oppsummert er inntrykket at dei var lydhøyre for utfordringane våre, og dei brukte god tid saman med oss. Kvar av bedriftene fikk fem minuttar til å snakke om sine hjartesaker, deretter var det om lag 45 minuttar diskusjon over bordet. Og resten av turen hadde vi moglegheit til å snakke med statsrådane og sekretærane i ein meir uformell samanheng, fortel Njål Wilberg.
- Forventar like vilkår
- Eg trur fellesnemnaren for innspela til gründerane var at vi er optimistiske og ser moglegheitene framover. Vi forventar ikkje at styresmaktene skal sy puter under armane på oss, men at dei legg til rette for at bedriftsutvikling i utkanten kan gjerast på vilkår som gjer oss konkurransedyktige.
Utfordringane
Wilberg ramsar opp nokre av utfordringene dei tok opp i møtet med makta:
1. Infrastruktur - Fiber til distrikta
2. Risikokapital - styrking av kapitalmiljøa som tilfører pengar med krav og kompetanse
3. Møteplassar der bedriftsetablerarar kan utveksle erfaringar og byggje kompetanse
- Alle dei tre statsrådane ga uttrykk for at det er viktig å leggje opp til at desse rammevilkåra blir betre, men at ei faktisk endring er eit resultat av mange slike samtalar. Dei sa også at dette med infrastruktur er eit behov i alle utkantane i Norge - men at det er viktig å sjå kor avgjerande det er at dette er på plass, seier Wilberg.

Spennande ting i selskapa
- Skjer det noko spennande i selskapa dykkar?
- Ja, seier han og trekkjer fram to ting:
1) I løpet av sommaren vil ADAM bli lansert i England. Neste veke blir reklamefilmane filma i London.
2) Lansering av Beat.no – Norge sin nye mp3-butikk. 3. juni skjer opninga i Oslo, og vi trur vi kjem til å etablere ei merkevare som blir like sterk som ADAM er i dag - men med fokus på digital musikk, avsluttar han.
Vi du lese meir om ekteparet som har etablert seg på Mjømna og bygd opp fleire selskap? Les artikkelen på Framtidsfylket.
Direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge SF, inviterer folk i fylket til ein brei debatt om kva vi må gjere FØR oljen tek slutt. Ta opp hansken og delta i debatten.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
I sju veker har fem studentar innafor industridesign jobba med produkt for bedrifter i fylket. Konklusjonen er at satsinga var vellukka - for bedriftene og studentane. Sjekk resultata her.
Nokre kreative og leikne gründerkarar i Sogn har hatt det moro med rundballar i Fjærland. Resultatet deler dei med heile verda på YouTube.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |