DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
1000 norske studentar har svart på spørsmål om deira forhold til entreprenørskap. Utvalet er medlemar som er registrert som studentar i Norstats folkesetnadspanel. Undersøkinga syner at studentane er ivrige etter å starte nye bedrifter, men at manglande kunnskap og finansiering hindrar dei i å setje i gang. Berre 20 prosent svarde at dei veit kor dei kan søkje om finansiering.
Pengar er ikkje motivasjonen
Sjansane for å tene mykje pengar er ikkje vurdert som ein spesielt motiverande faktor.
- I Norge startar ein bedrift fordi ein har lyst, ikkje fordi at ein må, seier divisjonsdirektør i IN, Hans Martin Vikdal, til www.forskningsradet.no.
Undersøkinga syner at fleire mannlege enn kvinnelege studentar seier dei har kunnskap om entreprenørskap. Kvinnelege studentar ser fleire hindringar enn mannlege, og meiner at det er for risikabelt å satse slik arbeidsmarknaden ser ut i dag.
- Forskingsprogrammet Meir entreprenørskap skal gi auka kunnskap om norske gründerar og vil vonleg gi nyttig informasjon om korleis vi kan få fleire og betre entreprenørar i landet, seier Lars Espen Aukrust, divisjonsdirektør i Divisjon for Innovasjon i Forskingsrådet.
Undersøkinga er gjennomført av Perduco for Innovasjon Norge og Forskningsrådet.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |