DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Ein av dei 18 deltakarane på haustens Alkymist-program er 24 år gamle Hans Marius Føleide frå Gloppen. Han har nettopp starta sitt eige enkeltpersonsforetak. Forretningsideen er dykkarkurs og guida turar. Bremanger er hovudbasen.
Vanskeleg oppstart
Føleide har bachelor i idrett og friluftsliv og er utdanna dykkarinstruktør frå Stavanger og Oslo. Han starta sommaren med å investere i utstyr og har sidan kjørt kurs i Bremanger, Svelgen, Sandane, Rugsund og snart Florø.
Trøblete oppstart
- Kor lett var det å starte?
- Litt vanskeleg å få kapital til å investere i utstyr. Eg sleit med Sparebanken Sogn og Fjordane, som ville eg skulle betale tilbake lånet på 200.000 kroner på berre tre år. Det blei for tøft og dermed endte eg opp med å låne privat. Men starten har elles gått over all forventning. Eg hadde kalkulert med oppunder 20 kursdeltakarar første halvår, men no ligg det an til å bli nærare 70. Eg skal ha eit stort kurs i samarbeid med Nordfjord Folkehøgskule ganske snart, så det ser langt lysare ut økonomisk enn eg hadde kalkulert med, seier Føleide.

Har ein del å lære
Forventningane til Alkymisten-programmet er å bli betre på marknadsføring og formidling.
- No er det jungeltelegrafen som har gått. Eg har hengt opp plakatar her og der og har vore i Firdaposten og Firda Tidend. Men eg har ein del å hente på å gjere meg meir kjend, seier Hans Marius, som syns det er veldig kjekt å møte andre med gode idear på Alkymisten.
- Dette er ein veldig positiv gjeng. Eg får spiriten opp av å høyre at andre har gode idear og er engasjert, seier den 24 år gamle etableraren frå Gloppen.
Les meir om Hans Marius Føleide og firmaet hans på www.grotledykk.no
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |