DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Inviterer til gründerlunsj

Ein ny møteplass for gründerar er i ferd med å vekse fram i Sogn. Målet er å møtast for ein prat den første tysdagen kvar månad.

- Vi har to mål med denne møteplassen; å møte andre gründerar og kome i kontakt med det eksisterande næringslivet, seier ein av initiativtakarane, Halvor Gregusson.

Ulike gründertypar

Første tysdagen i juni møtte rundt 15 personar på Knaken Café på Kaupanger, til ein workshop der dei skulle skissere vegen vidare. Korleis skal gründerlunsjen utvikle seg?
– Der møtte folk frå bedrifter som er etablert dei siste par åra; alt frå å drive med rehabilitering for psykisk utviklingshemma til å føre treningsdagbok på nett, fortel han.

Viktigaste er å møtast

Gründernettverket har eksistert nokre månader, og har lagt lunsjen til bedrifter som Lerum, Sogn Næring, Sparebanken Vest og no sist; den nyetablerte kaféen på Kaupanger. – Vi har fått invitasjon frå Tørvis Hotel, og oppmodar gjerne andre bedrifter i regionen om å ta kontakt for at vi skal bli betre kjende med kvarandre, seier Gregusson. Han inviterer også gründerar i Indre Sogn til å ta kontakt.

Kontaktperson:
Halvor Gregusson, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Sogningar vann Reodorprisen
    Sogningar vann Reodorprisen

    Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.

  • Vinn sogningar Skaperkraft 2011?
    Vinn sogningar Skaperkraft 2011?

    Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.

  • Støtte til nye og gamle entreprenørar
    Støtte til nye og gamle entreprenørar

    Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.

  • Støtte til tidlegfase

    Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 131 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by