DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Jørn Nilsson frå Yast fekk rikeleg høve til å snakke om gründerliv med statsministeren og fleire andre statsrådar. Saman med ni andre gründerbedrifter rundt om i landet, er Yast invitert til å kome med innspel til nasjonal næringslivspolitikk. På dei nye nettsidene www.samarbeidforarbeid.no ligg videointervjuet med Yast-kar Nilsson.
- Gøy å bli spurt til råds
- Klart det er artig å bli invitert, seier Nilsson. Han er på veg ut av sogndalsflyet på Gardermoen fredag føremiddag. Han har ikkje full oversikt over deltakarlista, men kan godt det han skal snakke om.
Døropnar Liv Signe
- Eg skal gi ein kort presentasjon av bedrifta vår, deretter kva utfordringar vi har møtt i etableringsfasen. Det er lagt inn mykje tid til diskusjon, seier han, som gler seg til møtet. Nilsson er overtydd om at det er møtet med statsråd Liv Signe Navarsete på eit seminar i Sogndal i haust, som opna døra inn til statsministeren sitt bord.
Innovasjon på sognefjordsk
”Det finnes mange dyktige konsulenter i storbyene. Men de virkelig gode, gærne gründerne, finner du i distriktene. ” Slik ordla konsernsjef i Hafslund, Christian Berg, seg på vindkraftseminaret i Vågsøy då han fortalte kvifor dei investerte i bedrifter frå Sogn og Fjordane, skriv Halvor Gregussen, i blogginnlegg på Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane (KPSF) sine sider.
– Det er verdt å tenke på, avsluttar Gregussen, som fyller dagane med arbeid på KPSF, oppbygging av Yast - og å vere ein synleg og meiningsberande aktør i næringslivet i fylket. Innlegget er også trykt i spaltene til Dagens Næringsliv.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |