DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Turistbransjen bruker tradisjonelt 70 prosent av marknadsføringspengane på tradisjonelle kanalar. – Eit feilspor, meiner den danske eksperten Anders B. Mogensen i føretaket Seismonaut. Det er nettmagasinet for miniføretak Enkelt som skriv dette på heimesida.
Korleis navigerer turistane?
Mogensen, som gir råd om bruk av nettmedier, meiner turistbransjen må setje søkjelyste på korleis turistane navigerer og hentar inspirasjon før dei skal ut og reise. Han meiner at alle som vil ha framgang i marknaden må ta digitale verktøy i bruk.
Gratis & smart
- I dag finst det gratis løysningar på mange område som føretaka kan bruke, og mange legg opp til at turistane også bidreg med informasjon. Han meiner verksemder som sluntrar unna å vere synlege på nettet raskt vil sakke akterut.
Trond Henrik Eplet som driv Eplet Bed & Breakfast har skjønt det, og informerer og inviterer gjester til å vere aktive på Facebook.
Googlar du Eplet Bed and Breakfast dukker det opp mange treff om Eplet i andre forum – som treff breitt og internasjonalt.
Det kan vere smart å la seg inspirere av korleis andre bruker nettet.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |