DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Kven fortener Gründerprisen?

Kom med innspel til kven som skal få gründerprisen for ungdom i 2011. Fristen er 1.november, og prisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

- Å vere gründer i Sogn og Fjordane er heilt fantastisk. Ein får ikkje berre vere gründer første året, men kvar dag og heile tida, sa Sindre Kvalheim frå Local Host AS i talen etter at han fekk gründerprisen for ungdom i 2010.

 

 

Kjenner du ein gründer mellom 18 og 35 år med eiga verksemd, eller er du ein gründer sjølv?

Pengar & heider

Gründerprisen for ungdom er på 30.000 kroner, og har blitt delt ut årleg sidan 2006. Han skal stimulere til nyetableringar hjå ungdom i Sogn og Fjordane. Samstundes er prisen ei ekstra oppmuntring til unge og driftige gründerar.

Tidlegare vinnarar

Tidlegare vinnarar er Kvalheim, Njål og Linn Wilberg som har etablert AskAdam AS, Jarand Fretheim bak Stadt Surfcamp og gründerane bak Moods of Norway.

Må vere etablert i Sogn og Fjordane

Prisen blir delt ut på fylkestinget i desember. Prisvinnaren skal vere busett og verksemda lokalisert i Sogn og Fjordane, og etableringa må ha skjedd i løpet av dei fem siste åra. Juryen er sett saman av representantar frå Fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen, Innovasjon Norge, samt ein tidlegare vinnar av Gründerprisen.

Les meir på nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Sogningar vann Reodorprisen
    Sogningar vann Reodorprisen

    Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.

  • Vinn sogningar Skaperkraft 2011?
    Vinn sogningar Skaperkraft 2011?

    Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.

  • Støtte til nye og gamle entreprenørar
    Støtte til nye og gamle entreprenørar

    Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.

  • Støtte til tidlegfase

    Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 131 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by