DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Det heile starta då ho i 2004 fekk sonen Simen.
Han var multihandikappa, og funksjonelt blind då han var 17 månader gamal. Legane i Norge meinte han var utan evne til kommunikasjon. I USA fann ho ekspertar som hadde tru på at sonen kunne utvikle slike evner.
Sterk historie styrkar interessa
Aabrekk brukte lesekort på sonen. Kombinert med intensiv motorisk trening og sunt kosthald, gjorde at Simen lærte å lese då han var to år. Halvt år etter kunne han uttrykke seg skriftleg. Som femåring las han vanlege bøker med normal skrift. Dette er ei sterk historie som ulike media gjerne gir spalteplass til. Aabrekk kan syne til oppslag i Sunnmørsposten, klikk.no, Tv2 – og no Driftig.no

Reiser landet rundt med kurs
For vel eit år sidan etablerte Aabrekk verksemda Intempo as. Med base på Sandane, reiser ho landet rundt og kursar barnehagetilsette og foreldre i språkleiken Bravo, som er ein teknikk som gjer det mogleg for små barn å kjenne att ord.
Bravo-metoden – læring gjennom leik
- Metoden er i utgangspunktet enkel og lite tidkrevjande. To minuttar kvar dag er alt som skal til, seier gründeren i eit intervju med Fylkesmagasinet. – Poenget er at det skal vere moro for barna. Læring gjennom leik er nøkkelen her.
Aabrekk legg ikkje skjul på at det er kritiske røyster til at ein skal lære små barn å lese, men er trygg på at ho har funne noko som gir meining i livet for mange. Gjennom ei heilskapeleg tilnærming ønskjer intempo å bidra til fleire glade og kompetente barn med stor tru på seg sjølv.

Driftige damer sprudlar
Saman med nederlandske Annemieke Koopmans – Holtrop som har budd på Sandane i fire år og som driv verksemda Hollie Lifestyle, har Aabrekk opna butikken Sprudle. Der tilbyr dei kunnskap og design i form av produkt, kurs og rådgiving.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |