DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
På Mediebruket si side kan du lese meir om resultatet av møtet.
Initiativtakarane ønskjer at gruppa først og fremst skal vere ein møteplass for erfaringsdeling og samarbeid mellom bedrifter som arbeider med digital innhalds- og tenesteproduksjon, og vil ha eit særleg fokus på gründerverksemd og entreprenørskap.
Fritt fram for alle interesserte
– Vi let det vere opp til bedriftene og organisasjonane sjølve å vurdere om det kan vere nyttig med medlemskap i denne gruppa. Det er derfor i utgangspunktet fritt fram for alle interesserte å melde seg inn, seier Arild Nybø i bedrifta Mediebruket i Førde. Han ber alle som er interessert om å ta kontakt med han.
Smart og økonomisk samarbeid
Nybø er ein av tre bedrifter som står bak initiativet. Dei to andre er Njål Wilberg i Avoco på Mjømna i Gulen og Jørn Mikalsen i VideoNor i Måløy.
- Vi kan gjennom eit slikt samarbeid styrke kvarandre og heve kompetansen, seier Wilberg. – Det vil vere mykje billegare å gå saman om å få dyktige føredragshaldarar hit til fylket, enn at kvar og ein bedrift må sende tilsette andre stader i landet.
Viktig å treffast ansikt til ansikt
Sjølv om Mikalsen gjennom sitt firma satsar sterkt på teknologi som gjer at folk kan avvikle videokonferansar, heller enn dyre og tidkrevjande reiser, meiner han at fysiske samlingar er viktig for å bli betre kjende. Det er viktig av vi får ein sosiale arena, seier han og tek ansvar for første møtet.
Måndag 28.juni var det nettverkssamling med middag i Måløy. Skipingsmøtet fann stad dagen etter, med mellom anna presentasjon av ”Teknopollen” og gründermiljøet i Måløy
IT-forum positive til initiativet
Sekretær Ivar Petter Grøtte i IT-forum i Sogn og Fjordane er svært positiv til handlekrafta i ein bransje som er på veg oppover i fylket.
- Vi har med glede sett at det har vakse fram ein del slike bedrifter den siste tida. Dette er noko nytt for fylket, og frå før hadde vi ikkje ein arena i IT-forum som var tilpassa denne typen bedrifter, seier han. Det nye nettverket vil ha tett samarbeid med miljøet i IT-forum, og mest truleg bli ein integrert del av det samarbeidet.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |