DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Eg fekk denne ideen etter vi var ferdige med asfaltløypa i Vik Skisenter. Eg var på synfaring ein kveld, og kom eg til å tenkja på at det hadde vore kjekt at så mange som mogeleg fekk sjansen til å nytta denne løypa, fortel Asbjørn Hønsi, mannen bak idéen og nyetableringa Vavia as.
Ein idé tek form
- Korleis kunne ein informere mest mogeleg på kortast tid til så mange som mogeleg? Resultatet vart vaviatrack som koblar video av sjølve løypa, løypeprofil og kartposisjonar på same nettside. Ved hjelp av Innovasjon Norge og næringsfondet til Sparebanken Vest fekk eg midlar til å laga ein demo, fortel Hønsi. Vavia er no teken opp som verksemd i Fjord Inkubator.
Ulvang og skimiljøet tende
- Demo vart vist fram til Vegard Ulvang og på arrangørkonferansen til Noregs skiskyttarforbund. Sidan har det gått i hundre og den er vist til mange ski-frelste folk og arrangørar både nasjonalt og internasjonalt. Utfordringa blir å få inntekter på idéen, seier Hønsi, somrøper at idéen låg i ei skuff i to år før han torde å snakka eller visa han fram. Hønsi er spent på framtida for produktet.
Kopla saman med ulike fagmiljø
Hønsi vart kopla saman med gründerbedrifta nLink AS, ei verksemd som har utspring frå teknologiverksemda Yast på Fosshaugane Campus i Sogndal. Saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, har dei på kort tid utvikla ei teneste dei gjekk heilt til topps med hjå OL-arrangørane i Vancouver.
Filma alle løypene
- Midt i januar reiste vi over til Whistler Olympic Park og filma samtlege løyper i langrenn og skiskyting. Dette kan brukast av tilskodarar og tv-kanalar som vil førebu seg, og presentere løyper betre før eit renn, fortel Håvard Halvorsen i nLink.

Kombinerer kjent teknologi
- gir nytt produkt
Systemet/nettsida gir brukaren informasjon om løypene gjennom video, kart/satelittbilete, og ein løypeprofil. Dette er ny bruk av kjent informasjon, som gir nye produkt, seier prosjektleiar Konrad Fagertun (biletet) ved KPSF. Han legg ikkje skjul på at dei er mektig stolte over å ha fått innpass i dette store arrangementet, og at det vil vere ein perfekt start for vidare utvikling og marknadsføring av tenesta.
Sus gjennom løypa –
utan å bli sveitt
Vil du gå gjennom løypene, som OL-deltakarane skal slite og sveitte seg gjennom? Klikk på illustrasjonen under.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |