DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

I april 2009 vart bedrifta Pur Glede registrert som enkeltpersonføretak i Brønnøysundregistrene. Åse deler gjerne erfaringane ho har hatt med andre som tenkjer å starte for seg sjølv.
Forsiktig start
- Eg starta ved kjøkenbordet, med nokre perler, litt verktøy, gleda over fargar og det å skape noko. Etter kvart deltok eg på messer, og selde smykka mine i eit par butikkar i nærområdet, fortel ho. – I bakhovudet låg tanken at det hadde vore moro å starte for seg sjølv.
Få verkstad til butikk
Ein dag ho og mannen rusla rundt i Måløy sentrum, kom dei forbi eit lite, tomt og litt gøymt lokale i Gate 1. – Der kunne eg liste meg forsiktig inn på bana, men dei som kjenner meg veit at eg ikkje er så forsiktig, så prosjektet balla fort på seg, ler Åse. – Det som skulle bli ein verkstad med plass til å stille ut smykka mine, vart fort også ein butikk med fargeglade saker som vesker, klede, interiør, beretøy og sjokolade.
Brukt er fint & flott
Innreiinga sette ho saman av gamle skattar frå kjellar, vener og loppemarknad. Med eit nytt og sprekt målingsstrøk vart det ganske stilig. – Eg opna butikken i juni 2009, og fekk raskt mange koselege og trufaste kundar. Folk i nærområdet har vore utruleg positive og støttande, og det har gjort til at eg våga å ta prosjektet eit steg vidare. Berre eit år etter ho satsa, inviterte ho til nyopning i større og meir sentralt lokale, med utvida opningstider. Pur Glede har ope frå tysdag til laurdag, måndag er tenkedag!

Takkar Facebook for suksessen
- Utvidinga har vore veldig vellukka, no jobbar eg også med nettbutikk. Eg trur mykje av årsaka til at det har gått så bra til no, er bruken av Facebook. Med bakgrunn som journalist, likar eg å skrive og fotografere. For meg har Facebook vore ein veldig passande marknadsføringskanal. 24 september er det 2773 som følgjer Pur Glede på FB. Her legger eg ut bilete og oppdateringar, og får fin og nær kontakt med kundane mine. Eg får også raskt og viktig tilbakemelding på det eg legg ut.
Eit godt døme på det kan vere historia bak desse perleøyredobbane. Peik på bilete under og du får historia.

Ikkje tid til å søkje støtte
- Kva hjelp har du fått i startfasen?
- Då eg starta opp søkte eg om støtte i det kommunale næringsfondet, og fekk tildelt 40.000 kroner. Kontakten eg hadde i samband med søknaden, gjekk gjennom Måløy Vekst. Utover det har eg ikkje søkt om økonomisk støtte eller rådgjeving. Eg har i grunnen ikkje hatt tid til å tenkje på det, innrømmer ho. – Eg fekk varm velkomst og har fin kontakt med handelsforeninga i byen.
Glede – god grobotn for vekst
- Pur Glede er skapt med glede, for å glede. Det høyrdes kanskje naivt ut, men glede er ein god grobotn for vekst, seier ho, som har som mål at folk skal bli glade av å kome innom dørene, og at dei kanskje finn noko som kan vere med å setje farge på kvardagen deira.
Open for unike produkt
Konkrete planar for framtida, er å få nettbutikken på plass. – Eg vil heile tida utvikle Pur Glede, samstundes som eg vil behalde sjela. Eg er stadig på jakt etter nye og spennande leverandørar, og legg mykje arbeid i å finne fram til merke og varer som ikkje er å få tak ii området frå før – i tillegg til at eg har ein del fairtrade-merka produkt i butikken.
Driftig dame
I tillegg til å skape sin eigen arbeidsplass har ho tre born i alderen 10, 7 og 2 år, og ein ektemann, Roy Aron Myklebust, som er kreativ på sin måte.

Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |