DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Siste artiklarSiste artiklar

Du er her:

- Samvirkeforma er genial!

Det seier frilansjournalist Marit Bendz om samvirke som selskapsform. Ho er blant dei stadig fleire i kreative yrke som har stifta samvirkeforetak. Slik slepp du både startkapital og revisor, men får fulle trygderettar.

Marit har saman med mannen sin, sivilarkitekt Jan L. Hundvebakke, starta Skrifta & Veggen  i Førde. Dette samvirket er "tufta på økologiske, allmennyttige og etiske prinsipp".

Marit meiner det er for lite kunnskap om fordelane ved samvirkeforma.

- For oss er dette flott. Samvirke gir oss det beste frå både enkeltpersonsforetak og aksjeselskap, seier ho og håpar fleire vil sjå nytten av selskapsforma. Og det gjer dei. 

Fleire gjer det same

For sjølv om det framleis er landbruksverksemd, eigedomsverksemd og private vassverk i småskala som dominerer lista over samvirke i Norge, oppdagar no fleire yrkesgrupper det Marit kallar "Norges best bevarte hemmelegheit".

- Det blir stadig nye område eller bransjar der det blir interessant å stifte samvirke. Den eine dagen melder det seg ein frilandsjournalist og ein fotograf og neste dag ei gruppe arkitektar, seier Turid Jødahl, leiar i Samvirkesenteret til Finansavisen. (Samvirkesenteret er eit informasjons- og kompetansesenter om samvirke som selskapsform.)

Slepp startkapital

- Lova har gjort det enkelt å etablere samvirkeforetak fordi lovgjevar ønskjer at det skal bli meir brukt. Ein fordel med samvirke er at ein også kan vere tilsett, med fulle pensjons- og trygderettar. Samstundes legg ein inntektene sine inn i foretaket og kan ta ut løn, seier Jodahl.

Ikkje eigenkapital og revisor

Eit anna pluss er at ein heller ikkje treng å legge 100.000 kroner på bordet som ved aksjeselskap. Det er heller ikkje rekneskapsplikt ved salsinntekter inntil to millionar kroner årleg eller revisjonsplikt ved driftsinntekter på inntil fem millionar kroner årleg.

Berre fantasien set grenser

- Det har vore eit underforbruk av foretaksforma så langt. Det er berre fantasien som set grenser for kva aktivitetar som kan organiserast som samvirke. Inkassoforetak og treningssentre er gode døme, seier doktorgradsstipendiat, Tore Fjørtoft, til avisa. Han har skreve bok om samvirker som selskapsform.

Les svar på ofte stilte spørsmål om samvirke

 

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Filmtalent vann to prisar

    18 år gamle Ole Martin Volle frå Sogndal er eit multitalent innafor ulike kunstgenre. Han vann to prisar under filmfestival i Sogndal.

  • Blant dei beste gründerar i landet
    Blant dei beste gründerar i landet

    Aud Melås i Flåm Turistsenter AS var blant dei ti beste i landet til å bli kåra til Årets kvinnelege gründer.

  • OL-teknologi utvikla i Sogn og Fjordane
    OL-teknologi utvikla i Sogn og Fjordane

    To ferske gründerbedrifter i fylket fekk foten innafor dei tronge OL-dørene, og kan no syne til stor testpilot på OL-arenaen.

  • Invitert til statsministeren
    Invitert til statsministeren

    Yast-karane i Sogndal blir lagt merke til – også utanfor fylket. Måndag 15. februar var dei invitert til statsministeren sitt kontor for å fortelje om livet som gründarar. No ligg intervjuet ute på dei nye sidene til Kommunal- og regionaldepartementet.

« Forrige     2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12     Neste »
Viser fra 25 til 28 av totalt 69 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by