DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Marit har saman med mannen sin, sivilarkitekt Jan L. Hundvebakke, starta Skrifta & Veggen i Førde. Dette samvirket er "tufta på økologiske, allmennyttige og etiske prinsipp".
Marit meiner det er for lite kunnskap om fordelane ved samvirkeforma.
- For oss er dette flott. Samvirke gir oss det beste frå både enkeltpersonsforetak og aksjeselskap, seier ho og håpar fleire vil sjå nytten av selskapsforma. Og det gjer dei.
Fleire gjer det same
For sjølv om det framleis er landbruksverksemd, eigedomsverksemd og private vassverk i småskala som dominerer lista over samvirke i Norge, oppdagar no fleire yrkesgrupper det Marit kallar "Norges best bevarte hemmelegheit".
- Det blir stadig nye område eller bransjar der det blir interessant å stifte samvirke. Den eine dagen melder det seg ein frilandsjournalist og ein fotograf og neste dag ei gruppe arkitektar, seier Turid Jødahl, leiar i Samvirkesenteret til Finansavisen. (Samvirkesenteret er eit informasjons- og kompetansesenter om samvirke som selskapsform.)
Slepp startkapital
- Lova har gjort det enkelt å etablere samvirkeforetak fordi lovgjevar ønskjer at det skal bli meir brukt. Ein fordel med samvirke er at ein også kan vere tilsett, med fulle pensjons- og trygderettar. Samstundes legg ein inntektene sine inn i foretaket og kan ta ut løn, seier Jodahl.
Ikkje eigenkapital og revisor
Eit anna pluss er at ein heller ikkje treng å legge 100.000 kroner på bordet som ved aksjeselskap. Det er heller ikkje rekneskapsplikt ved salsinntekter inntil to millionar kroner årleg eller revisjonsplikt ved driftsinntekter på inntil fem millionar kroner årleg.
Berre fantasien set grenser
- Det har vore eit underforbruk av foretaksforma så langt. Det er berre fantasien som set grenser for kva aktivitetar som kan organiserast som samvirke. Inkassoforetak og treningssentre er gode døme, seier doktorgradsstipendiat, Tore Fjørtoft, til avisa. Han har skreve bok om samvirker som selskapsform.
Les svar på ofte stilte spørsmål om samvirke
Han er 24 år og har nettopp starta sitt eige firma innan dykking. Hans Marius Føleide frå Gloppen er blant dei nye alkymistane i Sogn og Fjordane.
Skal du etablere ei bedrift og lurer på korleis du skal gå fram og kva du bør tenke på? Hos bedin.no kan du få tilsendt ein gratis etablerarpakke.
Alle gode hjelparar vil ha folk med gode idear. Kommunen er ofte første steget.
Anderstorp Raceway tok under EuroBoss-løpet sist helg i bruk det splitter nye lysanlegget frå Høyanger-verksemda Tracksa. Dette er det første anlegget av denne typen i verda.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |