DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Etter fem år med studium og svært aktivt organisasjonsliv, var 25 år gamle Ida Johanne Ulvik temmeleg sikker på at tida i Sogn var over. Ho vende blikket nordover mot Trondheim, eller mot ein anna storby i Norge. Ho var overtydd om at sogne-epoken var over.
Blir lett engasjert og tek ansvar
Kombinert med bachelorgrad i friluftsliv og utdanning som allmennlærar, har ho hatt mange verv. Ho ramsar opp i fleng: styret i Lurkarlaget, Vekasjef i to år, nestleiar i Studentsamfunnet, leiar på kaféen i Meieriet, husvert på Elvatunet, fadderansvarleg og ambassadør for HSF. I løpet av desse åra har ho hatt mykje med det lokale næringslivet å gjere, i tillegg til at ho kjenner høgskulesystemet godt.
Handlekraftig næringsliv
Etter at Yast-gründer Halvor Gregusson, lanserte frå talarstolen i ein stappfull sal med næringslivsfolk at dei ikkje måtte late dette handlingsretta og engasjerte menneske reise ut av bygda, fekk Ida fleire telefonar frå bedrifter i Sogn.
- Eg var på veg til å gå Birken, og skjønte ikkje kvifor alle desse tilboda kom. Eg hadde ikkje søkt på noko i Sogn, men det er klart det var smigrande – og sjarmerande, ler ho. Ho fann fort ut at Sogn Næring hadde stillinga som var som skreddarsydd for ho.

Etablert med fast arbeid og leilegheit
14. juni tok Ida Johanne Ulvik fatt på sin første skikkeleg arbeidsdag. På kontoret sitt på Fosshaugane campus står oppslagstavla tom. Dei mange teiknestiftane ventar på lappar og aktivitet, og bergensaren har alt vore ute på fleire møte med næringslivet og folk i bygda.
- Eg liker å jobbe med kulturelle arrangement, organisere og styre på, seier ho som også har fått synleg prov på at ho blir sett pris på. Ho fekk studentprisen 2010 for sitt engasjement og blide vesen. At ho meiner alvor med å satse i Sogndal, synte ho med å kjøpe seg leilegheit midt i sentrum.
- Sogndal er på opptur!
– Eg meiner Sogndal er på opptur. Det er ein god driv her, stort potensiale som det er gøy å vere med på, smiler ho. Arbeid utover hausten er haustmarknad, markeringa av at Fjærlandsbommen blir opna – for alltid, utvikling og styrking av Hodlekve-prosjektet, betring av kontakten mellom kunnskap, utdanning og næring, der karrieredagen i februar står sentralt. I tillegg til alt anna som dukker opp, og som den positive og energiske prosjektleiaren ikkje klarer å vende tommelen ned for.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |