DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Jarand Fretheim frå Førde (foto: Arne Stubhaug) fekk Gründerprisen fordi han har vist ungdom at det går an å satse i distriktet på ein utradisjonell måte. Han har starta bedriftene Stad Surf School og Lapoint Travels, eit reisebyrå som tilbyr actionsport.
Hoddevik på Stad
Den ivrige surfaren flytta til vesle Hoddevik på Stad for å kome nærare bølgjene. Og det er nettopp av bølgjene han har skapt seg eit levebrød. Hundrevis av personar har kome til kursa hans på Stad for å lære å surfe i Stad Surf School.
Stad, Chile og Tibet
Reisebyrået, som han starta saman med Sebastian Kjellstrøm, skal ha hovudkontor på Stad, men satsar også internasjonalt med mellom anna skikøyring i Chile, terrengsykling i Tibet, surfing på Jæren og Stad og kiting på Kapp Verde.
Nettverk
Gjennom eit større nettverk med fleire personar inn på eigarsida og i drifta, satsar han på å kunne styrke verksemda både på Stad og andre stadar i Europa.
Han og kompanjongane er i tidleg fase, men har sett inn høg innsats på å etablere eit spennande produkt på ein ny og offensiv måte. Dei satsar på ein nisjemarknad på ein ungdommeleg og spannande måte. Som grunnlag for satsinga ligg god fagleg bakgrunn og mykje praktisk erfaring frå sjølve aktivitetane som vert tilbydd.
Utradisjonelt
Kjartan Longva, leiar for hovudutval for plan og næring, delte ut gründerprisen saman med fylkesordførar Nils R. Sandal. Han la vekt på at Jarand Fretheim gjennom å flytte til Hoddevik og starte eiga verksemd der, har vist at det går an å satse utradisjonelt i distrikta. Han har også profilert fylket på ein framifrå måte, og vist fram nye og spennande opplevingsaktivitetar som vert tilbydd i fylket.
Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.
Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.
Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.
Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |
Kommentarer
Tester