DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

The Hub – møtestad for dei idérike
The Hub – møtestad for dei idérike

Norge sin første HUB, møtestad for sosiale entreprenørar, er under planlegging i Bergen.

Kvinna bak etableringa The Hub er Silje Grastveit. – Eg opplevde at det var høg terskel for folk å finne rom for å utvikle nye idéar og våge å utforske draumane sine. Det tek tid å mogne idear. Høge krav til rask økonomisk vekst eller internasjonalt potensial, kan lett slå beina under ferske idéar, som kan ha stor samfunnsnytte, seier ho.

(Foto: Ingvar Grastveit)

Starta i London

Konseptet starta i London, og spreier seg raskt over heile verda. I dag er det Hub i 20 byar over heile verda, og 61 nye er under etablering.
- Vi er ei verdibasert verksemd som primært støttar idéar som kan bidra til å gjere samfunnet betre, både med tanke på sosialt og miljøet. Døme på det kan vere nye løysningar på eldrebølgja eller svevestøvet over Bergen.

Opnar for spennande møte

- Ein bedriftsleiar kan bruke Hub Bergen på lik linje som ein gründer i tidleg fase. Dette gjer at spennande samarbeid og prosjekt kan kome naturleg gjennom møte i Hub Bergen, seier kaospiloten og gründeren.

Ulike aktivitetar

- Vi har heller ikkje faste kontorplassar, men eit ope landskap der vi koplar menneske, kunnskap og idéar med kvarandre. Vi vil arrangere møte om kveldane, så lokala er i bruk store delar av døgnet, seier Grastveit.

Opnar i løpet av året

Dei siste åra har livnært seg som prosessleiar og konsulent for endringsprosessar i organisasjonar. No bruker ho all tid på samle inn dei 2,6 millionar kronene ho treng for å opne gründerhuset i løpet av året.

Frå Sogn og Fjordane eller Sao Paulo

- Ein Hub er open for alle, om du er frå Sogn og Fjordane eller Sao Paulo, seier ho. – Det er ingen opptakskrav, og ein kan bli medlem på ulike tidsmodellar, alt etter kva som passar den enkelte best. Vi har ulike prisar som er tilpassa ferske gründere og meir etablert verksemd. Som Hub-medlem får du også tilgang til kontor og nettverk over heile verda.


Kaospilot deler tips til dei med god forretningsidé

- Del prosjekt inn i fasar, og gjer idéen så konkret som mogeleg.
- Søk gode samarbeidspartnarar og folk som er betre enn deg sjølv.
- Del idéen med andre.
- Kartlegg venner og fiendar, og prøv å skape samarbeid i staden for konkurranse.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Sogningar vann Reodorprisen
    Sogningar vann Reodorprisen

    Oppfinnarane Bjarne Langeteig og Jostein Alværn gjekk heilt til topps i Skaperkraftkonkurransen.

  • Vinn sogningar Skaperkraft 2011?
    Vinn sogningar Skaperkraft 2011?

    Førstkomande onsdag får vi svaret på det. Då deler Innovasjon Norge ut prisane: Reodor-prisen, Internasjonaliseringsprisen og Reiselivsprisen.

  • Støtte til nye og gamle entreprenørar
    Støtte til nye og gamle entreprenørar

    Sjå kven Innovasjon Norge støtter økonomisk, og følg IN på Facebook.

  • Støtte til tidlegfase

    Sparebanken Vest sitt næringsfond deler ut øknomisk støtte til idear i tidlegfase. Måndag hadde dei møte på Campus.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 131 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by