DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Kva skjerKva skjer

Februar 2012
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829    
       

4H-leir i Aurland4H-leir i Aurland

Fra 24.06.2010, til 27.06.2010

Fleire hundre ungdomar frå heile fylket er venta til 4H sin fylkesleir i Aurland denne sommaren.

 - Eg gleder meg kjempemasse til leiren, og til å få møte alle dei kjekke ungdomane, smiler leirsjef Renate Rendedal.

(Foto: privat)

Open leirkveld og konsert

Leirarrangørane har arbeidd med programmet for leiren sidan tidleg i haust. Dei reklamerer for ein leir der ein tek med seg det beste frå tidlegare leirar og krydrar med nokre spennande nyskapingar.

- Dei eldste deltakarane får ein eigen dag med leirdueskyting, skyting og samarbeidsaktivitetar. Eg ser spesielt fram til den opne leirkvelden fredag 25. juni, seier Rendedal. - Konserten med Eva & the Heartmaker er open for folk i alle aldrar. Kjem du langvegsfrå kan du setje opp telt i teltleiren vår, legg ho til.

Spennande utfordring å vere leirsjef

Renate Rendedal jobbar til dagleg som avløysar i Sogn Landbruksteneste i Balestrand. Ho har delteke på dei to siste leirane i Aurland, og veit difor ein del om kva ho har i vente.

- Det er ei spennande utfordring å vere leirsjef. Aurland og Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein kjempebra plass å arrangere leir. Vi har eit godt og variert program, så eg trur heilt klart vi får ein unik leir i 2010, avsluttar ein forventningsfull leirsjef.

Her kan du lese meir om kva som skjer i 4H i Sogn og Fjordane.

Kontaktinformasjon:

Renate Rendedal, leirsjef: 47 23 77 14
Åge Avedal, 4H-konsulent: 57 72 32 49 / 97 07 27 34

Kva anna skjer?Kva anna skjer?

Ingen aktiviteter
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by