DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
| Februar 2012 |
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 | ||||
Fra 14.07.2010, til 18.07.2010

Orienteringsgruppa i Sogndal IL står klar for ei stor utfordring fire dagar i juli. Rundt tusen løparar kjem til Fjord-O Nordvestgaloppen. Når familie og hjelparar kjem i tillegg, ventar arrangørane at rundt 1.500 personar vil vitja Sogndal medan konkurransane går føre seg frå 14. til 18. juli.
– No gler me oss masse til å koma i gang, og eg er glad for at me er blitt så godt mottekne i orienteringsmiljøet, både i Noreg og internasjonalt. Det er ikkje tvil om at o-løping i fantastisk fjordnatur trekkjer folk, og spesielt dei to løpa på Haukåsen har vore ettertrakta, seier Karl Helge Albretsen i arrangørkomiteen til Sogn Avis.
Oppkøyring til VM i Trondheim
Arrangørtrioen, Christian Frøyd, Jøril Hovland og Karl Helge Albretsen (Foto: Ole Kristian Åset) peiker på at konkurransane i Sogn går føre seg berre tre veker før VM i orientering startar i Trondheim. Difor vil mange av toppløparane ta konkurransane i Sogn som ein viktig oppkøyring før VM.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |