DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Kva skjerKva skjer

Februar 2012
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829    
       

Kulturhuskonferanse i Olden Kulturhuskonferanse i Olden

13.03.2010

Prosjektet "Huset i bygda" arrangerer Kulturhuskonferanse i Olden 13. mars. Her blir det høve til å diskutere og kome med innspel til korleis vi kan bruke desse husa til å gjere bygdelaga meir attraktive.

Alle kulturbygg som blir eigd og drive av ein frivillig organisasjon kan få hjelp gjennom Huset i bygda. Sogn og Fjordane Ungdomslag og Norske kulturbygg har tatt initiativet til prosjektet som tok til våren 2009. No vil dei to organisasjonane satse enno sterkare.

Innspel og idear

- Eg håpar at huseigarane i fylket vert med på å forme dette prosjektet og kjem med innspel til kva som kan gjerast, kva dei treng hjelp til og at dei vil bidra med erfaringane sine, seier prosjektleiar, Kristin Sandal.

- I Sogn og Fjordane bur mange i mindre grendelag eller bygder. For å halde på ein desentralisert busetnad og skape attraktive bygdesamfunn og nyetablering, er det viktig med eit rikt kulturliv og gode fritidstilbod. Huset i bygda er vesentleg for å få til dette. Eg trur at mykje av identiteten til ei bygd og innbyggarane forsvinn om dei tradisjonsrike kulturhusa forsvinn. Det er difor viktig for både lokalsamfunn, innbyggarane og kulturlivet å ta vare på og utvikle husa, avsluttar den ferske prosjektleiaren.  

For ytterlegare informasjon kontakt:     

Kristin Sandal, prosjektleiar i Huset i bygda: Tlf 952 85 015
Åge Avedal, nestleiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag: Tlf 970 72 734

Kva anna skjer?Kva anna skjer?

Ingen aktiviteter
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by