DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Kva skjerKva skjer

Februar 2012
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829    
       

Leiarsamling i SogndalLeiarsamling i Sogndal

16.09.2010 kl. 12:00

Sogn Næring bruker vossingar for å gjere sogningar betre i leiing.

Sogn Næring inviterer til leiarsamling ein heil dag i september. Bedrifta Vossavekst er hyra inn for å halde foredrag om leiarrolla, kommunikasjon og deler raust tips om korleis få til eit godt arbeidsmiljø.

Gründerane bak Vossavekst

- Me vektlegg ein aktiv dialog med gruppa, og vil gje dei oppgåver og utfordringar undervegs, seier Eli-Karin Yndestad, ei av dei to kvinnene som står bak Vossavekst. Ho har mange års erfaring som leiar i kommunal sektor, frå undervisning ved Høgskulen i Bergen og gjennom tillitsverv i fagorganisasjon. Ho har i ei årrekkje vore meklar i Konfliktrådet i Hordaland.

Den andre personen bak Vossavekst er Marit Ystanes, som har meir enn 20 års erfaring frå det private næringsliv; innan sal, marknadsføring, prosjektleiing og administrativ leiing. - Eg har aldri vore redd for å ta val, og søkje nye utfordringar. Dette har gitt meg erfarinara frå bransjer som bygg og anlegg, tv og reklame, inkasso og kredittstyring, skriv ho på nettsida til Vossavekst. Ho er godkjent og sertifisert som coach.


Samlinga vil vare frå rundt kl. 12.00 til 18.00 – med påfylgjande middag. Heile opplegget kostar kr. 1000,- Deltaking etter først-til-mølla-prinsippet.
Dagleg leiar ved Sogn Næring, Wilhelm Tangerud, er den rette mannen å ta kontakt med for meir informasjon og påmelding.

Kva anna skjer?Kva anna skjer?

Ingen aktiviteter
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by