DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Kva skjerKva skjer

Februar 2012
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829    
       

Søknadsfrist på internasjonaliseringsprisenSøknadsfrist på internasjonaliseringsprisen

23.09.2010

Har bedrifta di gjort det godt i utlandet dei siste åra? Då kan det vere smart å sjekke ut kva som skal til for å konkurrere om denne prisen Innovasjon Norge deler ut. Fristen er 23. september.

Vinnaren av Internasjonaliseringsprisen får 200.000 kroner, ros og ære. 

Mål med prisen:
IN ønskjer å trekkje fram og heidre bedrifter som har fått internasjonal suksess. Internasjonalisering er drivkraft for innovasjon og langsiktig vekst og verdiskaping i bedrifta. Innovasjon Norge er ein tydeleg pådrivar for at norske bedrifter skal lukkast i internasjonal konkurranse.

Kva ser IN etter:
Gode kandidater til prisen er marknadsorienterte og internasjonalt orienterte bedrifter. Dei må ha internasjonale referansekundar og/eller eit internasjonalt nettverk og forretningsalliansar. Bedriftene må også ha ei tydelig posisjonering og strategi for å utnytte konkurransefortrinn i internasjonale marknader.



Kriterier for Internasjonaliseringprisen:

• Vekst i omsetnad siste 3 år
• Solide økonomiske resultat
• Høgt verdiskapingspotensial
• Høge ambisjonar på vekst og innovasjon
• Internasjonale referansekundar og nettverk/alliansar
• Felles kriterier for alle dei fire Skaperkraft-prisane: (Internasjonaliseringsprisen, Bygdeutviklingsprisen, Reiselivsprisen og Reodorprisen)
• Bedrifta må vere registrert i Norge og ha norsk organisasjonsnummer
• Bedrifta må vere berekraftig når det gjeld økonomi, sosialt og miljø

Kva anna skjer?Kva anna skjer?

Ingen aktiviteter
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by