DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Fra 28.03.2010, til 04.04.2010

- Dei siste fem åra har eg hatt påskene mine på Stad, og det er uvanleg god ”vibbe” her under desse periodane. Folk surfer, smiler, koser seg og ikkje så reint sjeldan kjem påskesola óg, seier Jarand Fretheim. Han er medeigar av Lapoint, og ein av dei få fastbuande surferane på Stad.
Surfing er sosialt
Påskesurfcampen vart arrangert for første gong i fjor, og dei unge menneska bak Lapoint ønskjer å gjere det til ein tradisjon.
- Eg trur dei fleste som har vore med på surfearrangementa våre er samde når eg seier at dei er veldig sosiale, seier Katrine Røed, som er hovudansvarleg for arrangementet. – Ein møter nye menneske og deler spennande stunder i og ute av vatnet. Vi i Lapoint gjer vårt beste for å byggje opp under dette.

Trekkjer surfarar frå inn - og utland
- I fjor var vi rundt 60 personar som feira påske i lag på Stad, frå ulike land og på svært ulike dugleiksnivå, fortel surfegründerane. Dei er svært nøgde at dei klarte å samle alt frå heilt ferske surferar til ekspertar, og at dei klarte å skape ei god stemning for alle.
Varmare i sjø enn snø
Sjølv om mange tykkjer surfing på vinterstid høyrdes ut som galskap, hevdar Røed at kulde ikkje er noko problem. – Med heildekkande våtdraktsutstyr er vintersurfing faktisk mykje varmare enn ein skulle tru. Med garderobeanlegg med varme dusjar og nytt surfeutstyr på veg til Vestlandet, skal det bli vanskeleg å fryse, seier ho.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Anne-Mette Hjelle design by |