Les aktuelle bloggarar...
Her er den siste filmen til Framtidsfylket. Også innbarka folk i fylket kan ha nytte av å sjå alle dei mulegheitane som ligg i å satse på eit liv i Sogn og Fjordane.
Her er intervju med folk som padlar til jobb, som har valt eit arbeidsliv som kan kombinerast med familieliv og fiske - i hagen (?!) og gründarar som meiner dei har større sjanse for å lukkast i Måløy enn i Oslo.
- Kvar fredag frametter våren blir ein ny video lagt ut, der sjåaren får følgje mange av dei vi blir kjende med i hovedfilmen. Det blir også lansert ein konkurranse med ein velsmakande hovudpremie, der kven som helst kan bidra med sine videosnuttar eller kommentarar om kva dei likar best med Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot. Ho oppmodar alle i fylket om å bruke filmen flittig i marknadsføring av fylket.

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar nettportalen framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser i Oslo, Bergen, Trondheim og Sogndal.
Spleiselag bak fylkesfilmen
Den nye Framtidsfylket-filmen er laga på initiativ frå Framtidsfylket, Sogn og Fjordane fylkeskommune og NHO Sogn og Fjordane. Bidragsytarar økonomisk har i tillegg vore Lotteri- og stiftelsestilsynet, SFE, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjord Energi, Lerum, Fylkesmannen, Økonor og Rekomp-stiftinga.
Prosjektet "Mellom Fjell - Fjord og Folk" i Luster er vald ut som eitt av seks nye prosjekt i Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet si store satsing "Naturarven som verdiskapar".
Skal du sende ut ei pressemelding eller tipse media om det som skjer? Her er ei oversikt over aktuelle media i Sogn og Fjordane - med e-postadresser og gode råd.
Mange små og store verksemder har fått augo opp for bruk av internett for å nå ut til kundane sine – over heile verda.
Skal du starte eller drive bedrift, er det viktig at målgrupper finn deg på nett. Men kven kan lage gode nettsider i Sogn og Fjordane?
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |