DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Elevbedrifter
Det er Ungt Entreprenørskap som startar elevbedrifter på ungdomstrinnet, ved dei vidaregåande skulane og studentbedrifter ved høgskulen.
Idéar
I prosjekta skal elevane finne fram til grunnidear, etablere bedrifter med alle roller, utarbeide dokument, registrere bedrifta i Brønnøysund og marknadsføre og drifte bedrifta før dei skal avvikle. Elevane avgjer sjølv kva dei skal bruke eventuelle overskot frå elevbedriftene til.
Det nyttar
Ungt Entreprenørskap gjer ein forskjell, viser ein forskingsrapport frå Nord-Trøndelag i 2005. Nær 20 prosent av dei som hadde delteke i UE hadde etablert bedrift. 75 prosent av elevane meinte ungdomsbedriftene hadde gjort skulegangen meir interessant og spennande. 65 prosent av elevane sa at Ungdomsbedrift hadde påverka forholdet mellom lærarar og elevar på ein positiv måte.
Vil du bli med?
Ta kontakt med Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane ved å ringe eller stikke innom NHO Sogn og Fjordane sitt kontor i Florø. Tlf. 57752100 eller gå inn på www.ue.no
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |