Les aktuelle bloggarar...
Frist for søknader til Regionalt forskingsfond Vestlandet og fleire av programma i Forskingsrådet er 12. oktober. I dette høve inviterer Regionalt forskingsfond Vestlandet og Forskingsrådet potensielle søkarar til gratis kurs i søknadsskriving og prosjektutvikling.
Tid/stad:
Tysdag 27. september kl. 11.30-16.30. 11. etasje i Statens hus i Bergen.
Dagen startar med ein enkel lunsj frå kl. 11.30.
Målgruppe:
Bedrifter, offentleg sektor og FoU-miljø som alt er godt i gang med ein søknad eller har klare tankar om eit FoU-prosjekt. Kurset er praktisk retta og set søkelys på:
- Korleis utvikle ein prosjektidé?
- Korleis skrive ein god søknad?

Tilbod til alle søkarane:
Har du ei prosjektskildring/prosjektskisse under arbeid som kan bli gjennomgått og diskutert i fellesskap på kurset? Den treng ikkje vere komplett. For at du skal få fullt utbytte av kurset oppfordrar arrangørane å nytte høve til å gå gjennom prosjektskildringa di. Dei vel ut nokre prosjekt, i samråd med dykk, som blir gått gjennom under kurset. Dei ønskjer prosjektidear både frå offentleg sektor, bedrifter og forskingsinstitusjonar.
Påmelding til ama@forskningsradet.no innan 22. september. Send inn prosjektskisse på førehand til same mailadresse og frist. Dersom dei ønskjer å nytte ei skisse i kurset vil dei sjølvsagt be om løyve til dette.
Kurset er gratis og er eit samarbeid mellom Regionalt forskingsfond Vestlandet og Forskingsrådet.
Transplant i Fjaler inviterer gründerar til å lære meir om korleis dei skal starte business, og ikkje gå på trynet. Metoden blir kalla "bmg" som står for "business model generation", og skal vere både leiken og effektiv.
Alle næringsarbeidarar i fylket blir oppmoda om å delta på kurset, også dei som har sitt hovudvirke innan landbruk.
Innovasjon Norge tilbyr mange ulike typar kurs, både når det gjeld innhald og lengde.
07.06.2010
Bremanger Hamn og Næring inviterer til kurs i styrearbeid, med dyktige og kjende Kjell Standal som føredragshaldar.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |