DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
07.06.2010 kl. 09:00
Næringslivet i Bremanger kom med innspelet som Bremanger Hamn og Næring tok seriøst. Heile måndag 7.juni er sett av til læring om styrearbeid. Alt frå val av selskapsform, dei viktigaste oppgåvene til styret til den juridiske ramma. Deltakarane får utdelt kursbevis etter gjennomført kurs.
”Styrearbeid er i praksis eit fag, og formalkompentanse er viktig for å kunne ha eit godt grunnlag for å gjere ein god jobb i styrerommet.” Kjell Standal, Elinora Consulting.
Målgruppe er styreleiarar, styremedlemar, næringsdrivande og andre som ønskjer opplæring frå private og offentlege selskap.
Kurset blir arrangert på Kafé Vest i Kalvåg, frå kl. 09.00 – 16.00.
Påmeldingsfrist: 31. mai
For meir informasjon, kontakt: Ann Myrheim, eller 97 52 85 61.
Reis til Bergen og få deg eit gratis kurs i korleis du skal skrive gode søknader for å få tilgang til FoU-midlar.
Transplant i Fjaler inviterer gründerar til å lære meir om korleis dei skal starte business, og ikkje gå på trynet. Metoden blir kalla "bmg" som står for "business model generation", og skal vere både leiken og effektiv.
Alle næringsarbeidarar i fylket blir oppmoda om å delta på kurset, også dei som har sitt hovudvirke innan landbruk.
Innovasjon Norge tilbyr mange ulike typar kurs, både når det gjeld innhald og lengde.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |