Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • Ungdomar etablerer bedrifter

    - Den første studentbedrifta er registrert, og fire ungdomsbedrifter er i gang, med alt frå vindkraft til hest og helse, fortel UE-leiar Eivind Husabø.

    Det er to UE innafor same klasse på elektrolinja på Øyrane. Den første studentbedrifta som registrerte seg på UE Sogn og Fjordane sine nettsider var Sogn og Fjordane Automasjon SB.

    Vind som drivkraft

    Forretningsidéen er å føreta vindmålingar for bedrifter og privatpersonar som planlegg å etablere vindkraftanlegg.
    - Det vil komme fleire studentbedrifter etter kvart, både i Førde og Sogndal. I dei vidaregåande skulane har det også byrja å røre seg.

    Nytt om ungdomsbedrifter

    - Fire ungdomsbedrifter er alt registrerte. Husabø fortel at det er kome nytt materiale for dei som startar ungdomsbedrifter på sida Ungdomsbedrift.no Dei som treng brukarnavn og passord, kan sende ein e-post til eivind.husabo@ue.no

    Kort veg frå UB til mentor

    Øyvind Hjelmeland frå Førde har stige raskt i gradene. For to år sidan dreiv han sjølv ungdomsbedrift, no er han tilsett som lærling i Helse Vest IKT – og har teke på seg jobben med å vere mentor for ei av dei nystarta ungdomsbedriftene, Sogn og Fjordane Automasjon SB.

    UE og NHO er på leit etter mentorar, og ber folk som er interessert i å ta kontakt. Les meir om kva ein legg i rolla som mentor.


     

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Legobygging – meir enn leik
    Legobygging – meir enn leik

    Stryneungdomar vann First Lego League (FLL), og skal representere fylket i den internasjonale finalen i Sverige 28. november.

  • Starta UB på gründercamp i Luster
    Starta UB på gründercamp i Luster

    Luster vidaregåande skule har gjennomført årets gründercamp på Eikum hotell. Mange kreative løysingar for lokale bedrifter såg dagens lys på arrangementet. Til og med ei ungdomsbedrift vart etablert under gründercampen.

  • Lærte om Ungt Entreprenørskap i USA
    Lærte om Ungt Entreprenørskap i USA

    Ungdomar komen att frå USA med kunnskap om både UE, internasjonalt samarbeid og den amerikanske kulturen.

  • ENOVA gründercamp – med smarte oppfinningar
    ENOVA gründercamp – med smarte oppfinningar

    Koplinga mellom ingeniørar og elevar frå ulike skular i fylket, gjorde ENOVA gründercamp til ein suksess. Vinnarane reiser vidare med oppfinninga si til nasjonal konkurranse i Trondheim.

« Forrige     1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10     Neste »
Viser fra 21 til 24 av totalt 37 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by