Driftig.no   eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane. 
 

     Meir om driftig.no...   

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

  • Ungdomar etablerer bedrifter

    - Den første studentbedrifta er registrert, og fire ungdomsbedrifter er i gang, med alt frå vindkraft til hest og helse, fortel UE-leiar Eivind Husabø.

    Det er to UE innafor same klasse på elektrolinja på Øyrane. Den første studentbedrifta som registrerte seg på UE Sogn og Fjordane sine nettsider var Sogn og Fjordane Automasjon SB.

    Vind som drivkraft

    Forretningsidéen er å føreta vindmålingar for bedrifter og privatpersonar som planlegg å etablere vindkraftanlegg.
    - Det vil komme fleire studentbedrifter etter kvart, både i Førde og Sogndal. I dei vidaregåande skulane har det også byrja å røre seg.

    Nytt om ungdomsbedrifter

    - Fire ungdomsbedrifter er alt registrerte. Husabø fortel at det er kome nytt materiale for dei som startar ungdomsbedrifter på sida Ungdomsbedrift.no Dei som treng brukarnavn og passord, kan sende ein e-post til eivind.husabo@ue.no

    Kort veg frå UB til mentor

    Øyvind Hjelmeland frå Førde har stige raskt i gradene. For to år sidan dreiv han sjølv ungdomsbedrift, no er han tilsett som lærling i Helse Vest IKT – og har teke på seg jobben med å vere mentor for ei av dei nystarta ungdomsbedriftene, Sogn og Fjordane Automasjon SB.

    UE og NHO er på leit etter mentorar, og ber folk som er interessert i å ta kontakt. Les meir om kva ein legg i rolla som mentor.


     

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Høgskulen satsar vidare på entreprenørskap
    Høgskulen satsar vidare på entreprenørskap

    Gode erfaringar med studentbedrifter har gjort at HSF satsar vidare på entreprenørskap som viktig del av undervisninga.

  • Næringsbarometeret    2010
    Næringsbarometeret    2010

    Næringsbarometeret tek temperaturen på næringslivet. Nytt i år var at dei som ikkje kunne vere fysisk til stades, kunne delta gjennom videokonferanse - ope for alle. Nyttig kunnskap for mange miljø.

  • Pris og statsrådsbesøk til Fumè
    Pris og statsrådsbesøk til Fumè

    Ungdomsbedrifta Fumé UB frå Måløy vgs. fekk 2. premien i gastronomiklassen under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 30. april. I tillegg fekk dei ein prat med statsråden.

  • NERK-jentene markerte seg på NM
    NERK-jentene markerte seg på NM

    NERK-jentene synte godt att på NM i gründerskap, men vann ikkje med seg pris heim til Sogn. No er all fokus retta mot 8.mai. Då får dei teste planane i multisport-konkurransen.

« Forrige     1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10     Neste »
Viser fra 9 til 12 av totalt 37 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by