Les aktuelle bloggarar...

I oktober i fjor vanka det Bygdeutviklingspris til verksemda og i mars tok språkprisen til Sogn og Fjordane Mållag same veg. Nyleg vart fruktmostprodusenten også kåra til årets leverandør av økologiske produkt.
Blir lagt merke til
- Det betyr anerkjenning. At vi blir lagt merke til. Men dette er ein pris som vi deler med dei som leverer råvarene; fruktmiljøet i Sogn som i dag er dei viktigaste økologiske fruktdyrkarane i landet, fortel dagleg leiar Åge Eitungjerde, til NRK Sogn og Fjordane.
Matfestivalen
Den siste prisen vart delt ut under Matfestivalen i Ålesund. Det er Bioforsk økologisk, Møre og Romsdal fylke og den Norske Matfestivalen som deler ut den årvisse prisen. I juryen sit også representantar for Debio og St. Olavs Hospital.
- Det er utruleg kjekt. Sidan vi produserte den første flaska i 1999, så har vi arbeidd med å få opp den økologiske produksjonen. Vi kunne nok basert oss på berre økologiske produkt, men råvaretilgangen er for låg, seier Eitungjerde til NRK Sogn og Fjordane.
Verksemda i Balestrand tel i dag seks årsverk, fordelt på ni tilsette.
I samband med nasjonal konferanse for Inn på tunet har nettverket i Sogn og Fjordane utarbeidd eit ekstra nyhendebrev.
Bedrifter gjer smart i å bruke tid og krefter på samfunnsansvar. Innovasjon Norge meiner dei er framtidas næringsliv, og vil no vektleggje samfunnsansvar i sakshandsaming.
Prosjektet "Mellom Fjell - Fjord og Folk" i Luster er vald ut som eitt av seks nye prosjekt i Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet si store satsing "Naturarven som verdiskapar".
Strynejenta Elisabet Kjerstad Bøe er med i ei internasjonal gruppe som skal utvikle ein ny standard for sosialt ansvar i næringslivet og det offentlege - ISO 26000.
Sparebanken Sogn og Fjordane er nok ei bedrift i fylket som er blitt sertifisert som "Miljøfyrtårn". Stadig fleire ser kor viktig det er å kunne dokumentere miljøvennleg drift.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |