DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Hovudmålsetjinga med naturarvprosjekta er auka verdiskaping i og ved naturvernområda. Det er Luster kommune i samarbeid med Breheimsenteret i Jostedalen som er ansvarleg for prosjektet "Mellom Fjell - Fjord og Folk" i Luster. Nettsida til Breheimsenteret kan vere til stor inspirasjon for andre som lurer på korleis bruke videosnuttar i marknadsføringsarbeidet.
Fylket hevdar seg på landsbasis
Med dette har Sogn og Fjordane fått heile tre av totalt 15 prosjekt på landsbasis. Det er løyvd 25 millionar kroner samla til desse 15 prosjekta i 2010. Frå tidlegare er to prosjekt i Sogn og Fjordane starta opp: "Kystarven" i HAFS-området og "Verdiskaping skjer i møtet - Nærøyfjorden".
Arv som forpliktar
Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier seg svært nøgd med at to av ti hovudprosjekt med dette er i Sogn og Fjordane. - Vi opplever det som ei verdsetjing av den store og varierte naturarven i Sogn og Fjordane, noko som forpliktar. Det er også ei anerkjenning av planleggingsarbeidet som er gjort i Solund og Askvoll og i Verdsarvsekretariatet i Aurland, og ei stadfesting av at dei har noko som er verdt å utvikle.
I samband med nasjonal konferanse for Inn på tunet har nettverket i Sogn og Fjordane utarbeidd eit ekstra nyhendebrev.
Bedrifter gjer smart i å bruke tid og krefter på samfunnsansvar. Innovasjon Norge meiner dei er framtidas næringsliv, og vil no vektleggje samfunnsansvar i sakshandsaming.
Prosjektet "Mellom Fjell - Fjord og Folk" i Luster er vald ut som eitt av seks nye prosjekt i Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet si store satsing "Naturarven som verdiskapar".
Strynejenta Elisabet Kjerstad Bøe er med i ei internasjonal gruppe som skal utvikle ein ny standard for sosialt ansvar i næringslivet og det offentlege - ISO 26000.
Sparebanken Sogn og Fjordane er nok ei bedrift i fylket som er blitt sertifisert som "Miljøfyrtårn". Stadig fleire ser kor viktig det er å kunne dokumentere miljøvennleg drift.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |