DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
- Eg var nettopp i Canada, der det var samla opp mot 400 ekspertar frå heile verda, som alle jobbar med samfunnsvar i det daglege. Tingingane om standarden har pågått i vel 5 år, og vert etter planen lansert i marknaden i 2010.
Med i norsk delegasjon
Eg vart teken opp som medlem av den norske delegasjonen for knapt eit år sidan, då eg starta mi eiga kompetansebedrift innanfor samfunnsansvar, seier den unge gründaren frå Sogn og Fjordane.
Nybrotsarbeid
- Slike internasjonale standardar tek vanlegvis sikte på å sertifisere innehavaren utfrå visse tekniske kriteriar, til dømes innanfor miljøleiing (ISO 14001) og kvalitetsleiing (ISO 9001). Å oppnå eit ISO-sertifikat er såleis ein måte å opparbeide og dokumentere god praksis på, forklarar Kjerstad Bøe.
Konkurransekriterie
Dei siste åra har imidlertid samfunnsansvarleg leiing vokse fram som eit viktig konkurransekriterie. - Den nye standarden er eit tiltak for å følge opp denne utviklinga og hjelpe næringslivet framover, seier ho.
Forståeleg for ikkje-spesialistar
ISO 26000 skil seg ut frå anna standardiseringsarbeid på to måtar. For det fyrste er dette ein rettleiande standard som ikkje stiller tekniske krav til gjennomføringa. Det ferdige dokumentet skal kunne nyttast av både små og store bedrifter og organisasjonar som ønsker å jobbe med samfunnsansvar. Ordlyden er difor gjort allmenn og forståeleg for ikkje-spesialistar.
Eit steg nærmare
- På førre arbeidsmøte i Santiago i Chile kom vi fram til eit utkast som no vart diskutert nærare i Quebec. Dette utkastet skal dei neste månadane vere gjenstand for redigering, før vi igjen samlast i København til eit siste møte våren 2010. Einigheita i Quebec betyr at vi er eitt steg nærare ein internasjonal standard som kan lanserast i marknaden, seiar Elisabeth. Les meir om arbeidet med ISO26000
Viktig for næringslivet i fylket
- Det byrjar å gå opp for norsk næringsliv at der finst eit enormt potensiale av økonomiske og organisasjonsmessige fordelar ved å jobbe systematisk med samfunnsansvar. Ikkje minst møter ein nye og strengare krav frå kundar og samarbeidspartar som eit resultat av finanskrise, overforbruk og klimautfordringar.
Relevant for både store og små
- I Sogn og Fjordane møte vi dei same krava som alle andre, og mykje av konkurransekrafta er avhengig av at vi held følge med utviklinga i åra framover, seier Elisabeth Kjerstad Bøe i CSR Management. For meir informasjon, kontakt ho på telefon nummer 915 915 48.
Drahjelp frå regional næringsstifting
Som nyetablerar av eiga bedrift har ho i starten hatt hjelp av Sparebanken Vest si næringsstifting, som har bidrege økonomisk til at ho kan drive med ISO-arbeidet. - Det betyr mykje når slike aktørar ser at auka kompetanse på dette området har ein nytteverdi for næringslivet i fylket. Eg har tru på at Sogn og Fjordane kan gå føre med eit godt og verdiskapande- eksempel også her, seier Elisabeth, som rett før sommaren blei Miljøfyrtårn-konsulent i Stryn.
Alkymist
Kjerstad Bøe deltok på Alkymist-programmet til Innovasjon Norge Sogn og Fjordane i fjor. No er Innovasjon Norge på jakt etter nye kandidatar til årets program, der unge menneske med forretningsidear får hjelp til å utvikle dei vidare.
I samband med nasjonal konferanse for Inn på tunet har nettverket i Sogn og Fjordane utarbeidd eit ekstra nyhendebrev.
Bedrifter gjer smart i å bruke tid og krefter på samfunnsansvar. Innovasjon Norge meiner dei er framtidas næringsliv, og vil no vektleggje samfunnsansvar i sakshandsaming.
Prosjektet "Mellom Fjell - Fjord og Folk" i Luster er vald ut som eitt av seks nye prosjekt i Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet si store satsing "Naturarven som verdiskapar".
Strynejenta Elisabet Kjerstad Bøe er med i ei internasjonal gruppe som skal utvikle ein ny standard for sosialt ansvar i næringslivet og det offentlege - ISO 26000.
Sparebanken Sogn og Fjordane er nok ei bedrift i fylket som er blitt sertifisert som "Miljøfyrtårn". Stadig fleire ser kor viktig det er å kunne dokumentere miljøvennleg drift.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |