DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

REAL er "entreprenørskap på bygda"
REAL er "entreprenørskap på bygda"

REAL er forkorting for "ruralt entreprenørskap gjennom aktiv læring", dvs. entreprenørskap for elevar på bygda.

Metoden er henta frå South Carolina i USA og legg vekt på å gje elevane kunnskap om korleis eit lokalsamfunn virkar og korleis det er bygd opp.

Eigne arbeidsplassar i lokalmiljøet

Gjennom REAL lærer elevane å sjå kva som er mogleg og å gjere noko med det. Dei ser eigne evner og ressursar i samanheng med lokalsamfunnet sine verdiar og behov. Dei skal ikkje primært lære seg å skape eigen bedrifter, men vil få ei forståing for korleis ein kan skape sin eigen arbeidsplass i lokalmiljøet. Gjennom REAL får dei oppleve at dei kan noko og ser at dei kan ta grep om sine eige liv.

Trening i å tenkje positivt

Blant øvingane er å søke jobb og bli intervjua. Gransking av stadnamn, ressursar og bedrifter i nærmiljøet, bygdevandring og besøk i hjørnesteinsbedrifter.

Øvingane skal gje elevane mot, ansvar og kreativitet, evne til å jobbe sjølvstendig og der godt sjølvbilde og tru på eigne evner ligg i botnen. Elevane blir trent i å tenkje positivt og stå på.

Kurs på Høgskulen

Vil du at din skule skal kome igang med entreprenørskapsarbeid mellom skule og lokalsamfunn? Då kan du lære om REAL, som er eit godt verktøy for å klare nettopp dette.

15 studiepoeng

Det er Høgskulen i Sogn og Fjordane som har utvikla kurset, som er eit fagleg og pedagogisk verktøy der målgruppa er almennlærarar og faglærarar som vil studere på deltid. Vidareutdanninga går over to semester. Studiestader er enten Sogndal, Sandane eller Førde og gir 15 studiepoeng.

Kontaktperson ved Høgskulen er høgskulelektor Ivar Offerdal, tlf. 57675065.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Høgskulen lærer danskane REAL
    Høgskulen lærer danskane REAL

    Danskane vil lære av oss. 100 danske lærarar og skuleleiarar i Kalundborg kommune fekk innføring i REAL av Høgskulen i Sogn og Fjordane.

  • REAL er "entreprenørskap på bygda"
    REAL er "entreprenørskap på bygda"
    REAL er "entreprenørskap på bygda"

    REAL er forkorting for "ruralt entreprenørskap gjennom aktiv læring", dvs. entreprenørskap for elevar på bygda.

  • Bli ressursperson i lokalsamfunnet
    Bli ressursperson i lokalsamfunnet

    Vil du bli ressursperson i arbeidet med å utvikle entreprenørskapshaldningar i skule og lokalsamfunn? Då er dette kurset for deg.

  • Om entreprenørskap i barnehage
    Om entreprenørskap i barnehage

    Kva dreier entreprenørskap seg om og korleis arbeider tilsette med det i barnehagen?

Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by