DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

ENOVA gründercamp – med smarte oppfinningar
ENOVA gründercamp – med smarte oppfinningar

Koplinga mellom ingeniørar og elevar frå ulike skular i fylket, gjorde ENOVA gründercamp til ein suksess. Vinnarane reiser vidare med oppfinninga si til nasjonal konkurranse i Trondheim.

ENOVA gründercamp vart arrangert i Førde 22.oktober. Deltakarane på gründercampen kom frå tre ulike skular i fylket; Hafstad og Flora (studiespesialiserande med vekt på naturfag), Øyrane (elektrofag) og Flora (klima og energi). Både Sunnfjord Energi (SFE) og studentbedrifta Sunnfjord Automasjon SB stilte med fire mentorar heile dagen.


Utfordringa
Målet med arrangementet var å skape energieffektive løysingar for anten hus, lading av elektronisk utstyr eller i på andre område i kvardagen. Deltakarane kom opp med idear som alt frå turladar montert i kneleddet for å utnytte energien i rørslene til ”Plusshuset” plassert på ei øy der du kan hente energi frå både sol, luft og vatn.


Vinnarane
Vinnarane vart Kine Berg Ålhus (Øyrane vgs), Håkon Aleksander Hartved Olsen og Kristina Erikstad Sæterdal (begge frå Hafstad vgs), Ole Jakob Lid og Daniel Brandesæter Trettevik (begge frå Flora vgs).

Vinnarproduktet
Dei gikk til topps med ein smart ide som kan realiserast; ei belastningsfjør som genererer energi til bruk for ulike duppedingsar. Vinnarlaget har elevar frå alle dei tre deltakande skulane. Dermed blir dei alle representerte på den nasjonale gründercampen i Trondheim i januar.


Konklusjonen
- Det var genialt å kombinere ulike fagmiljø og involvere ingeniørar og ingeniørstudentar som mentorar. Det ga arrangementet eit ekstra løft, og gjer at vi kan konkludere med ord som suksess, seier rådgjevar i UE, Eivind Husabø.

 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by