DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Entreprenørskap i skulen nyttar!

Entreprenørskap i skulen dreier seg om langt meir enn etablering av bedrifter. Satsinga fører også til at fleire får augene opp for moglegheiter i eige miljø og får lyst å flytte heim etter høgare utdanning.

Det seier forskar Beate Rotefoss. For første gong i Norge er det gjennomført ei omfattande kartlegging av effekten av entreprenørskap i skulen. Rapporten  "Entreprenørskap på høygir!" har fleire overraskande funn.

Ungdom ser ei framtid i fylket

- Om lag ein fjerdedel av elevane svarer at dei ønskjer å busetje seg på heimstaden. Mellom 70 og 80 % av elevane i grunnopplæringa ønskjer å ta høgare utdanning, og om lag 15  % av elevane kan tenkje seg å etablere eiga bedrift. Om lag halvparten av desse att ønskjer å etablere bedrift i heimfylket. Det er sterke tal, og det lover godt for framtida til Sogn og Fjordane, meiner Rotefoss frå Kunnskapsparken i Bodø.

Entreprenørskap integrert i skulekvardagen

- Sogn og Fjordane skil seg frå resten av landet ved at det er mange ulike aktørar involvert i satsinga. Over halvparten av skulane i fylket har klart det mange skular rundt om i landet slit med;  å integrere entreprenørskapssatsinga inn i den generelle skulekvardagen.

Entreprenørskap – mykje meir enn bedriftsetablering

- Satsinga stimulerer entreprenørielle eigenskapar, som til dømes eleven sin evne til å vere kreativ, sjølvstendig, ta ansvar og stole på seg sjølv. Elevane ser mulegheiter i eigne miljø, og blir meir motiverte og engasjerte i skulen.

Gründer Mats Åsnes Skjelbred (foto) er eit godt døme på ungdom som har gått gradene innafor entreprenørskapssatsinga i fylket.

Tett kontakt med næringslivet

- Framleis er mykje av satsinga basert på eldsjeler, men fylket ligg skyhøgt over landsgjennomsnittet i høve utdanning av lærarar i entreprenørskap. Fylket er eit føregangsfylke når det gjeld satsing på lærarkrefter og utstrekt kontakt med lokalt næringsliv.

Pioneren for entreprenørskap

Høgskulelektor Ivar Offerdal er ein av pionerane for innføring av entreprenørskap i alt frå barnehage til høgskule. Sidan 2003 har han reist rundt i fylket som ein misjonær for REAL-metodikken. Han har hatt fleire turar til USA og land i Europa for å få idear til korleis satsinga kan styrkast og utviklast betre.

Les også

Viktig kunnskap frå Sogn og Fjordane

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by