DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

- Eg vart veldig overraska over å få prisen, men det er klart det er kjempekjekt å få kred for at eg har skapt noko sjølv, seier den glade frisøren, som har to tilsette i Expert-salongen i Florø. – Det flotte diplomet heng på veggen i salongen, og pengane (kr. 25.000) skal gå til kursing, og litt sparing, fortel Line Gjervik Semshaug.
Skapt 120 arbeidsplassar
Ein annan, meir erfaren gründer, som kom til orde under seminaret, var oppdrettar Alex Vassbotten.
- Sidan 1986 har eg vore med å skape 120 arbeidsplassar, og det er eg stolt av, sa han til elevane frå Flora vidaregåande, som fylte salen på Flora samfunnshus.
I dag eig han Steinvik Fiskefarm, ei verksemd med 24 tilsette og 240 millionar kroner i omsetnad. Han er i tillegg involvert i ei rekkje bedrifter som til saman omset for over fire milliardar kroner.
Gode råd frå unge gründerar
”Opptre profesjonelt, hald det du lovar, stå på krava og forlang respekt!” Dette er råda Brita Haveland og Julia Kirkeeide ga andre ungdomar under UngNo. Dei to var med å starte ungdomsbedrifta Gneist UB, som leverte medieprodukt til bedrifter og privatpersonar.
- Eit fantastisk år, og UB-erfaringa har gitt oss lyst til å starte vår eiga bedrift, sier dei til Firda 18.2 2010.
Gjennom UngNO ønskjer arrangøren å byggje kontakt mellom ungdom og lokale bedrifter, og stimulere ungdom til å utvikle eigne idear.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |