DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Hevda seg i NM i gründercamp

Dream Team frå Sunnfjord vart blant dei seks beste i landet på NM i gründerkamp i Trondheim.

Dream Team frå Sunnfjord fekk sjetteplassen, og fekk erfare å vere i mediesøkjelyset. (Foto: Eivind Husebø)

I konkurranse med 27 andre lag frå heile landet imponerte dei fem ungdomane frå Sunnfjord. Dream Team med Kristina Erikstad Sæterdal, Håkon Aleksander Hartved Olsen (begge frå Hafstad vidaregåande skule), Ole Jacob Lid, Stian Isene (begge frå Flora vidaregåande skule) og Kine Berg Aalhus (Øyrane vidaregåande skule).

Tøff utfordring og null søvn

- Torsdag kl. 10.30 fekk vi oppgåva om å skape eit produkt som skulle vere energieffektiviserande. Frå blanke ark klarte vi å kome opp med to idear. Heile natta gjekk med til å utvikle idéen, skrive forretningsplan og lage Power Point-presentasjon. Det er klart det var utfordrande, men veldig moro, fortel Kristina Erikstad Sæterdal.

Energi frå treningsapparat

- Fredag kl. 07.00 leverte vi inn arbeidet og to timar etter presenterte vi idéen for dommarane. Det gjekk i eitt, men var ein fatastisk artig oppleving, seier andreklassing, som er mest trigga på ei utdanning innafor jus.

Laget frå fjordfylket lanserte idéen om å produsere energi frå ulike treningsapparat. Dei fekk ros frå dommarpanelet for å ha laga ein god presentasjon og forretningsplan.

Vann med framtidshuset

Vinnarlaget, Energy Dome, lanserte ideen om eit plusshus, som produserer meir energi enn husstanden brukar. Det var sett saman av to til tre underjordiske etasjar, og ein kuppelforma del over jorda. Nytt og framtidsretta, og eit heilskapleg konsept gjorde at elevane frå entreprenørskapslinja ved Adolf Øien vidaregåande skole i Trondheim gjekk til topps.

Nyttig erfaring

- Ved bruk av entreprenørskap som læringsstrategi blir skulekvardagen både morosam, engasjerande, lærerik og kreativ, meiner elevane som har fått nyttig erfaring med å vere kreative under tidspress.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by