DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Våren 2009 oppretta Høgskulen i Sogn og Fjordane ei stilling som koordinator med ansvar for å få i gang arbeidet med å prøve ut ”studentbedrift” som metode. Dette som ein del av samarbeidet med Innovasjon Norge, Ungt entreprenørskap og NAV.
Oppretta fem studentbedrifter
Pilotprosjektet vart gjennomført for heile kullet på ”idrettsfag-friluftsliv” og på ingeniørfag i 2009/2010. Det vart etablert fire bedrifter på friluftsliv og ei på ingeniør.
Begeistra studentar
– Sjølv om vi klart har forbetringspotensiale i høve til både planlegging og organisering, er studentane så begeistra for opplegget at desse to studia held fram med tilbodet om studentbedrift. I tillegg vil idrett og helse gi tilbodet frå hausten 2010, seier ein entusiastisk koordinator, Jan Julusmoen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Jentene i NERK Challenge har vore ei svært synleg UE-bedrift i Sogndal i vår.

Entreprenørtanken i alle fag
Studentbedriftskonseptet passar ikkje like godt for alle fag og avdelingar. Koordinatoren har løpande kontakt med alle avdelingane ved HSF for å sjå kva moglegheiter som finst for entreprenøriell tenkjemåte og atferd i heile organisasjonen. Dette gjeld ikkje minst utdanningane innafor sosialfaga, helsefaga, lærarutdanningane, naturfaga og økonomi og reiselivsfaga.
– Målet vårt er at entreprenørskap skal vere tema på alle våre utdanningar frå hausten 2012, seier Jan Julusmoen.
Årshjulet 2010-2011
Det er ikkje berre å starta og drive, studentar skal lære i løpet av eit år. Dei skal også avslutte og leggje ned selskapet på skikkeleg vis. Det skjer i desse dagar. Ved å klikke på Årshjulet kan du sjå viktige fristar å vere obs på i løpet av året.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |