DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Balestrand Summit, den landsdekkjande konferansen om berekraftig reiseliv, vart arrangert for tredje gong, i juni 2010. Konklusjonen frå konferansen er klar: Noreg er det landet som satsar mest på eit berekraftig reiseliv.
Slik satsing vil bli eit viktig strategisk grep for reiselivet framover, meiner Halvard Ingebrigtsen, statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet. Sjå føredraga og les bloggane frå konferansen på nettet.

Høg avgift mest effektivt
I tillegg til føredrag, som ein kan sjå video av, såg ein gjennom gruppearbeid nærare på kva faktorar som spelar inn for å få til eit meir berekraftig reiseliv. Det var tydeleg at høg avgift på langdistansetransport er det som er mest effektivt, skriv Innovasjon Norge som ei oppsummering på heimesida og på Facebook.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |