DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Lærling vart NM-vinnar

Bernt Erlend Fridell frå Vik kan titulere seg som NM-vinnar i elektro.

- Ei kjempeoppleving og ufatteleg lærerikt, seier 19-åringen om opplevinga å nå heilt til topps i ein tøff konkurranse. Han har gått på elektrolinja ved Sogndal vidaregåande skule, og har no læretida ved YIT i Øvre Årdal.

Vegen fram til NM-tittel
Fridell måtte gjennom to rundar med teoriprøvar på internett før han kvalifiserte seg til NM for lærlingar. I sterk konkurranse med fem andre lærlingar, gjekk han heilt til topps.
- Den største utfordringa var å prioritere rett, seier han i dei mange intervjua gjort av lokalavis og fagblad etter at pokalen og tittelen var sikra.

 

Her blir arbeidet til Bernt Erlend Fridell granska av dommarpanelet. (Foto: Roar Gundersen)

 

Tøft arbeid under hardt press
”Å vere nøyaktig, i tillegg til å jobbe raskt og effektivt under press, er ikkje så enkelt. Spesielt ikkje når deltakaren har under 5 mm feilmargin på plassering av alt frå klammer til koplingsboksar før ein risikerer å få poengtrekk”, skriv EL & IT-forbundet på sine nettsider.  Dei fekk nesten 100 nye medlemar etter deltaking på messa Eliaden.

Skal representere Noreg
i EM og VM

Den dyktige sogningen skal representere faget og Noreg i EM i elektrikarfaget i Madrid til hausten, og på yrkeslandslaget til yrkes-VM i London 2011.

God reklame for fag og bedrift
Noregsmeisterskapen vart arrangert i samband med elektromessa Eliaden med 20.000
besøkjande. I tillegg til kåringa av den flinkaste elektrikaren i landet, vart det konkurrert i telekommunikasjonsfaget. Vinnaren av telekommunikasjonsmontørfaget, Fredrik Gundersen, arbeider også i YIT, i Oslo.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by