DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Lærte om Ungt Entreprenørskap i USA
Lærte om Ungt Entreprenørskap i USA

Ungdomar komen att frå USA med kunnskap om både UE, internasjonalt samarbeid og den amerikanske kulturen.

Entreprenørskap og internasjonalisering er to viktige satsingsområde i Sogn og Fjordane. Ida Hjellbrekke Frøyen og Maria Vårdal Haugland frå Mo og Jølster VGS deltok på entreprenørskapscamp i Atlanta USA. Dei var to av seks elevar frå dei vidaregåande skulane i fylket, som vart trekte ut til å delta.

Med på reisa var Leif Jonny Endal, lærar på Eid VGS, og Eivind Husabø frå Ungt Entreprenørskap.

Georgia REAL - entreprenørselskap
Saman med elevar frå Danmark og USA, samlast dei på ein camp i Taccoa, ein liten by utanfor Atlanta. Ved framkomst vart dei møtt av Professor Paul Delagy, grunnleggjaren av selskapet Georgia REAL. Georgia REAL er samansett av nasjonale og 13 statlege organisasjonar med allmennyttige føremål, med mål å oppfostre studentane sine organisasjonskunnskap på ungdomsskule-, vidaregåande- og no også barneskulenivå.

Kjøpesenter endrar bystruktur
Delagy tok elevane rundt i Taccoa og fortalde korleis bystrukturen hadde endra seg i takt med Walmart. Dette er eit stort selskap med store kjøpesenter der dei sel alt billegare enn konkurrentane, og dei har alt samla på ein plass, frå mat til klede.

Internasjonalt samarbeid
Elevane hadde kurs saman med dei amerikanske og danske elevane. Der fekk dei lære om korleis ein skal starte eiga bedrift. I den praktiske delen av kurset skulle dei lage ei eiga bedrift og finne måtar å tene pengar på.
- Vi fekk ikkje berre lære om entreprenørskap, men også om samarbeid, og vi lærte kvarandre om bedriftene våre. Alle hadde ein presentasjon om bedrifta si. Målet var å få til internasjonalt samarbeid med desse bedriftene i ettertid, seier Ida Hjelbrekke Frøyen.


- Absolutt noko å tilrå
- No som vi har kome heim sit vi igjen med lærdom både om entreprenørskap og om den amerikanske kulturen. Det har vore veldig spennande og eg håpar at Ungt Entreprenørskap arrangerer dette for fleire bedrifter, for det er absolutt noko å tilrå, avsluttar Hjelbrekke Frøyen.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by