DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Tidleg i november vart den stadig meir populære konkurransen, First Lego League arrangert for tredje gong i fylket.
Verdsomspennande turnering
FLL er ei verdsomspennande teknologiturnering for born i alderen 10 til 16 år. Kreativitet, samarbeid, design, stå-på vilje, teamånd, entusiasme, markeringsvilje, leik og læring er sentrale element.
Triggar kreativitet & risikovilje
I motsetnad til tradisjonelle oppgåveløysingar der ein leitar etter det eine fasitsvaret, krevst det problemløysing, vilje til å ta risiko, eksperimentering, mislukka forsøk undervegs og til slutt eit vellykka resultat.
"Stryn 9" til topps
Eid vidaregåande skule var arrangør, og etter ein heil dag med harde robotkampar, imponerande presentasjonar og energiske sceneshow stod laget ”Stryn 9” igjen som vinnar av konkurransen.
Dei representerer Sogn og Fjordane i den internasjonale finalen i Eskilstuna, Sverige, den 28. november.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |