DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Næringsbarometeret er ein rapport som vert gjeven ut to gonger i året og skal sjå på status og framtidsutsikter for næringslivet og arbeidsmarknadssituasjonen i Sogn og Fjordane og Hordaland. Rapporten vart presentert 11.mai, og tittelen i år er: ”Forsiktig, men sårbar vekst”.
Videokonferanse når fleire
Presentasjonen live på nettet var eit ledd i satsinga til Innovasjon Norge, ”Kunnskap krysser grenser” Mål for prosjektet er å få bedrifter og offentlege aktørar til å kringkaste arrangement og konferansar på internett. Rundt 230 følgde eller var innom videokonferansen, der folk kunne stille direkte spørsmål gjennom Twitter. #nbarometer
Næringsbarometeret vart også presentert i lokala til Elis AS i Dale, etterfølgd av ein presentasjon av bedrifta.
Næringsbarometeret er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, NAV, Innovasjon Norge, NHO og Sparebanken Vest.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |