DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

NERK-jentene markerte seg på NM

NERK-jentene synte godt att på NM i gründerskap, men vann ikkje med seg pris heim til Sogn. No er all fokus retta mot 8.mai. Då får dei teste planane i multisport-konkurransen.

SESO SB frå Ålesund imponerte så sterkt at dei fekk med seg tre prisar nordover att etter NM i gründerskap 2010. Sogn og Fjordane sende av gårde to studentbedrifter, Berserk2010 og NERK, men ingen av dei nådde til topps.

Sette farge på NM

Pressekontakt i UE, Wenche Wærner, veit med ein gong kven Driftig siktar til då vi spurte om å bruke bilete frå representantar frå fylket.
- NERK-jentene sette verkeleg farge på NM! Verkeleg moro å ha dei med, er kommentaren frå Oslo.

- Sjølv om vi ikkje fekk noko NM-tittel, var det ei oppleving og erfaringsrikt å delta, seier PR-ansvarleg for NERK, Daria Dysthe til Sogn Avis. Jentene er no i innspurten til arrangementet; NERKChallenge.


Les meir om NM på nettsidene til Ungt Entreprenørskap, og bli gjerne venn med dei på Facebook og få oppdatert informasjon.

Det var eit smart trekk av NERK-jentene å satse på fellesantrekk som synte att i menneskemengda, og som skapte god stemning. Her er det Marianne Kjøllesdal Sundal og Tove Knutsen. (Foto: Kristian Hunstad)

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by