DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Ny rekord på Eid - 17 ungdomsbedrifter!
Ny rekord på Eid - 17 ungdomsbedrifter!

Eid vidaregåande skule har alltid vore gode på entreprenørskap, men i år er dei spesielt gode. Heile 17 ungdomsbedrifter er registrerte på skulen - mykje takka vere "superlærar" Leiv Johnny!

UB nr. 17 registrert på Eid vgs.og ser ein det i  høve til eit elevtal på rundt 340 så er dette ein heilt unik situasjon.

Systematisk satsing

Det høge talet på ungdomsbedrifter ved skulen skuldast ei langsiktig og systematisk satsing på entreprenørskap gjennom mange år.

Skulen har alltid hatt ungdomsbedrifter med god kvalitet og Eid vgs. har gjennomført fleire vellykka gründercampar som direkte har resultert i nye ungdomsbedrifter og forretningsidéar.

Engasjerte lærarar

På skulen er det mange engasjerte lærarar og skuleleiinga har alltid hatt eit bevisst forhold til satsing på entreprenørskap.

Likevel må ein trekke fram UB lærar, Leiv Johnny Endal, som inneverande skuleår stiller som ansvarleg lærar for heile 11 ungdomsbedrifter. Heldigvis har han mange gode folk rundt seg som hjelper til.

Arrangerer fylkesmessa

Eid vgs. skal stå som teknisk arrangør av Fylkesmessa 2010 og dei har ikkje problem med å stille ungdomsbedrifter frå eigne rekkjer. Dei kjem til å okkupere heile 17 av dei rundt 60 UB stand'ane som blir på Fylkesmessa.

Årets ungdomsbedrifter på Eid vgs.:

  • Onside UB - Fotballbrettspill
  • Rockebrus UB - Lage eigen brus til Malakoff Rock Festival
  • Rock Ice UB - Lage eigen is til rockefestivalar
  • TrashArt UB - Spesialdesigna søppelbøtte
  • Fullt Hus UB - Event arrangør
  • Snurr Film UB - Film / kino
  • UB Dry - Regnklede for festivalar
  • Chillcax UB - Genser med ungdommelig look
  • We Care UB - Hjelpe gatebarn i Ukraina
  • Chice Chen UB - Banebrytande ungdomsklær
  • Tag UB - Refleksmerking av dyr
  • Visit Norwegian School Center - Arrangere skulebesøk for skular / elevar frå utlandet
  • Design UB – Profilering av bedrifter og organisasjonar i lokalmiljøet
  • UB.KOM – Produksjon av web løysingar og grafikk for bedrifter
  • I show UB – Lage reklamefilm for Eid commune – presentasjon av Eid I ungdomsperspektiv
  • FINNme UB – Halsband med chip til kjæledyr og husdyr
  • Classic UB – Aktivitetar og tenester knytt opp mot aktivitør og frisørfaget

Kilde: Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by