DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Bedrifta spesialiserer seg på røykte delikatesser frå havet. Dei som har smakt produkta deira kan godt forstå at dei vinn pris både på fylkesmessa og under NM, for dette er produkt med høg kvalitet.
Juryen:
Juryen si grunngjeving for 2. plassen lyder :
"2. plassen går til nok eit fiskeprodukt som skiller seg ut når det gjelder smak, konsistens og lokale produksjonsmetodar med røtter i regional matkultur. Det skiller seg dramatisk fra det som pregar dei volumprodukta vi elles finn i daglegvaremarknaden."

Dette er andre året på rad at Måløy vgs. tek med seg pris heim frå NM. Vi sender gratulasjonar til Fumé UB og Måløy vgs. for strålande innsats på NM.
God innsats
Takk også til Frampeik UB frå Firda vidaregåande skule på Sandane, som gjorde ein meget bra figur under arrangementet. Begge ungdomsbedriftene fekk ein blid og nøgd kommunal- og regionalminister på besøk på standen dei hadde rigga opp.

Her kan du lese meir om vinnarane av NM i ungdomsbedrift som vart arrangert på Lillestrøm 29. og 30. april. Du kan også lese om kva idear ungdom kan gjere om til forretning.
Les meir om unge entreprenørar i fylket på
Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.
Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".
Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |