DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

- Samfunnsnyttig fylkesmesse

- Etter responsen og tilbakemeldingane å døme er dette eit arrangement folk vil ha årleg, oppsummerer ein svært nøgd arrangør, Per Øyvind Hjelle. Han meiner messa er samfunnsnyttig og ein viktig arena for heile fylket.

Over tusen elevar frå 8. klassen og oppover, 50 lærarar og 120 utstillarar fylte Florø idrettssenter, på karrieremessa ein fredag i mai. Øvst på agendaen denne dagen var rekruttering av ungdom til framtidige jobbar i det lokale næringslivet. Naturleg nok var dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot, på plass med stand.

(Foto: Eivind N. Hauge)

 

Største i landet?

- Dette er den største karrieremessa i Sogn og Fjordane nokon sinne, og truleg også den største på landsbasis. Her er ein fantastisk breidde i bedrifter og stands, mange har gjort seg stor flid med utstillingane, seier Holger Aasen, seniorrådgjevar i NHO og dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap. Fylkesmessa nådde fram til folk i fylket både gjennom Sogn Avis og Firda.

(Foto: Eivind N. Hauge)


Lokale heltar underheldt

Laurdag og søndag var det mange som stakk innom for å sjå utstillingane, kokkekampen mellom Stian Grimseth og Avinor-sjef Siv Merete Stadheim. Dei yngste tykte det var stas med Florø-jenta Solveig Hareide, som har gjort ein karriere innafor NRK. Ho er dyktig og ein god rollemodell for ungdom i fylket.
 

(Foto: Eivind N. Hauge)

 

Tid for evaluering

-Det er første gongen vi arrangerer denne typen messe. Alt tyder på at det er berre finjusteringar som skal til for å gjere det endå betre, men konsertdelen kan vi trygt seie vi overlet til dei som kan det, seier ein sliten, men svært nøgd arrangør. Etter å ha jobba saman med Roy Austbø sidan november for å få alt på plass til messehelga denne flotte maihelga, er han heilt utlada. – Immunforsvaret er heilt på felgen, og forkjølinga har sett seg skikkeleg, men gi meg nokre dagar og eg er i gang att, seier Per Øyvind Helle, mannen med evne til å skape aktivitet.

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ungt Entreprenørskap/NHO, Sunnfjord 2020, Flora Industri- og Næringsforening, Jubileumskomitèen Flora kommune og Framtidsfylket AS står bak storsatsinga.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by