DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Starta UB på gründercamp i Luster

Luster vidaregåande skule har gjennomført årets gründercamp på Eikum hotell. Mange kreative løysingar for lokale bedrifter såg dagens lys på arrangementet. Til og med ei ungdomsbedrift vart etablert under gründercampen.

Bedriftene som stillte med oppdrag på gründercampen var :  

  • BesteBakken v/ Lindis Alme
  • Norlandia Vesterland Resort v/ Lise Sundberg:
  • Tørvis Bre-,Ski- og fjordhotel v/Knut I. Munthe Olsen
  • Sognefjord.net v/ Bjørn Skovly
  • Lerum Fabrikker v/ Jan Petter Vadheim   
  • Norlandia Vesterland Resort, Leikeland v/ Arne Glenn Flåten
  • Luster Sparebank v/ Alf Henning Evjestad
  • Gamlestova Barnehage v/ Rune Helle
  • Hafslo omsorgsenter v/ Ruth Karin Kvam
  • Luster vidaregåande skule v/Mari Anne Sundal og Kenth Rune Måren Teigen

Det var premiering i klassane "beste presentasjon" og "beste problemløysing." Gruppa som hadde oppdrag frå helsearbeidarfag på Luster vgs vann "beste presentasjon" og gruppa som var på sognefjord.net vann i klassen "beste problemløysing".

Kontrakt med Sognefjord.net

Den sistnemnde gruppa hadde jobba særdeles godt med oppdraget sitt og blant anna sikra seg ein kontrakt med sognefjord.net som inneberer at dei skal levere ungdomsstoff til avisa Optimisten.  Inntekta skal gå til ungdomsbedrifta Balder UB (som var stifta og registrert under gründercampen).  Målet er at  Balder UB skal reise på studietur til Kina saman med dei tilsette i sognefjord.net.

Gründercamp Luster er vel i havn og representantane frå Luster vgs, bedriftsrepresentantane og Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane konkluderar med eit godt arrangement frå start til slutt.

Sjå fleire bilde...

Kjelde: Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by