DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Strålande tilbakemeldingar i Årdal

Av dei 54 elevane som deltok på gründercampen i Årdal i april, svarte størstedelen at opplegget var "svært bra".

Eit heilt nytt konsept vart prøvd ut i Sogn og Fjordane under gründercampen i Årdal. Elevane ved Årdal vidaregåande skule skulle løyse problemstillingar for lokalt næringsliv. Problemstillingane var konkrete og heilt reelle :

  • Årdal Utvikling: "Gjer Hydroparken til eit attraktivt område!"
  • Årdal Utvikling: ""Fyll Gamleskulen med eit spennande innhald!"
  • Tisku: "Tilrettelegg ein del av butikklokalet for ungdom!"
  • Sogn og Fjordane Sparebank: "Korleis kan banken tiltrekka seg ungdom?"
  • Skrivargarden: "Lag den ultimate årdalsminnetingen!"
  • Målrock: "Gjer festival-laurdagen spennande for årdøler og tilreisande!"
  • Dooria: "Finn opp ungdoms-/livsløpsdøra!"


Samtlege grupper jobba svært godt og resultata lot ikkje vente på seg. Makan til kreativitet og engasjement skal ein leite lenge etter.

Dialekt T-skjorte

Vinnarane vart "Skrivargarden" som utvikla ei dialekt T-skjorte med Årdals-uttrykk oversett til tysk/engelsk. I tillegg hadde dei planar om ordbok med dialektuttrykk med meir.

Her er nokre av tilbakemeldingane:  

  • "Lærte mykje om kreativitet, jobbe godt under press, samarbeid med ”nye” medelevar"
  • "Lærte å ikkje alltid velje det første ein kjem på, heller tenkje seg litt om og kanskje sjå om ein kan forbetra det. Har og lært noko om leiing og korleis ein skal få best mogleg resultat ut av ei gruppe"
  • "Arealplanlegging av kulturlandskap, kreativ tankegang og idèseleksjon"
  • "Har lært noko om leiing og gruppearbeid"
  • "Samarbeid med andre, være tolmodig og kreativ"
  • "Om produksjonen på Dooria og gangen i å utvikle eit produkt"
  • "Eg har lært mest om produksjonen av dørene på Dooria. Eg har og lært at det faktisk går an å produsere og lage noko nytt og at alle ideear tel"
  • "Eg har sett kor mykje ein kan gjere ut av ei enkelt problemstilling. Ved godt samarbeid kan ein få til det utrulige"

Last ned heile evalueringa frå gründercampen.

Les meir om gründercampen på heimesidene til Årdal vgs...
Bilder frå campen finn du her

Elevane designa sin eigen dør under besøket på dørfabrikken Dooria. Foto: Eivind Husabø

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by