DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Tidlegare UB-elev starta AS i Oslo

- Kva blir dei av, alle dei som startar ungdomsbedrift i skulen? Det er eit spørsmål UE ofte får. Her kan du lese om ein som har starta business, Mottimotti AS, i Oslo.

Ørjan Bruland er tidlegare elev på medialinja ved Mo og Jølster vidaregåande skule. Han var med i ungdomsbedrifta MoJo media UB. No har han starta eiga bedrift saman med tre andre (Colin McMahon, Lasse Eriksen Bjørseth og Leif Yndestad) Bruland har sitt daglege virke i Prinsens Gate i Oslo.

Dataspel og applikasjonar

Mottimotti AS er eit føretak som lagar dataspel og applikasjonar for nye medium.

Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane har lagt ut på eit e-post intervju med Ørjan:

1. Når vart bedrifta etablert?
Vi vart etablert i 2009 under namnet NXC Interactive, men retta fokuset meir mot spel i 2010 og skifta deretter namn til MottiMotti. Noko som vi følte var eit meir leikent namn og gjer oss større fleksibilitet til å byggje eit “brand” ut mot forskjellig typar markeder og målgrupper.

2. Kva var det som gjorde at de fekk lyst til å starte eiga bedrift ?
Målet mitt heilt sidan eg gjekk på Media og Kommunikasjon ved Mo og Jølster VGS, var det å starte noko eige. Og når vi såg at markedet var i forandring, og at nye moglegheiter oppstod innanfor vårt fagfelt, så var det noko vi ønska og ta del i.

Vi ville skape vår eigen arbeidsplass og forme vår eigen kvardag. Samtidig som vi hadde mange idear som vi ønska og få realisert.

3. Det at du har vore med i ungdomsbedrift, som ein del av Ungt Entreprenørskap. Kva betydning har det hatt for at du ville starte di eiga bedrift saman med andre ?
Eg vil sei det har hatt mykje og sei. Ein får ein smakebit av det engasjementet ein får ved å byggje noko eige, samt at ein blir introdusert for nokre av dei utfordringane det å drive ei eiga bedrift byr på.Det gir også trygge rammer til å prøve og feile, samt at ein har gode vegleiarar som kan gje gode råd i dei utfordringane ein møter.

4. Kva syns du om å drive di eiga bedrift?
Eg syns det er veldig spennande! Ein møter masse nye folk, og ein lærer seg å handtere nye situasjonar kvar dag. Vi er med på å forme vår eigen kvardag, noko som er både utfordrande, men også svært givande. Ein kjenner også litt på det presset som følgjer med, og det er ikkje alltid at det blir ein 8 til 16 jobb.

Du kan sei at vi jobbar med hobbyen vår, noko som gjer det mykje morsommare.

5. Er det mykje arbeid å starte eiga bedrift ? Kva må til for å starte si eiga bedrift?
Det er mykje jobb i begynninga, og marginane er gjerne små. Men det er samtidig veldig spennande! Det er som byrjinga på ditt eige lille eventyr.
Ein burde ha ein forretningsplan og forretningsmodell. Sånn at ein veit kva ein skal tjene pengar på. Kartlegge kva støtteordningar som passar for di bedrift, både lokalt, men også i utlandet. Skaffe seg oversikt over markedet, finne ut om det er etterspørsel etter dine varer eller tjenester. Finne ut kva som gjer bedrifta eller produktet ditt unikt i forhold til dine konkurrentar. Nettverk er også viktig, så ikkje vær redd for å reise ut og snakke med nye folk.

Det er viktig at ein har eit bra team, med personar ein er trygge på. Gjerne med forskjellige kvalifikasjonar sånn at ein utfyller kvarandre. Samtidig er det viktig og bygge kvarandre opp og jobbe mot same mål. God kommunikasjon er svært viktig.

6. Kva er mål og visjonar for MottiMotti dei neste 5 åra?
Målet vårt er å ha majoriteten av inntekta frå sjølvproduserte applikasjonar og spel. Det å kunne leve av det vi sjølv produserer. Være ein solid aktør innanfor den norske spel-bransjen. Ha god likviditet i selskapet, gode kollegaer og eit bra arbeidsmiljø. Drive ei sunn bedrift.

7. Vil du anbefale andre å prøve å starte si eiga bedrift?
Absolutt! Eg trur det er mange som sitter med ein liten gründer i magen og ein god ide i hovudet. Det er alltid kjedelig å sitte i etterkant og tenke - “Ah, det var akkurat den ideen eg hadde!”.
Ein ide er ikkje verdt mykje, før den er blitt realisert. Så hopp i det!

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Filmfestival der ungdomane er sjefane
    Filmfestival der ungdomane er sjefane

    Firda vidaregåande arrangerte filmfestival ei heile veke i november. Skuleelevane har det fulle ansvar, noko som gir nyttig lærdom for framtida.

  • Nordfjordingar vann Enova

    Eit spleiselag frå ulike skular i Nordfjord gjekk til topps i Enova gründercampen "Energi for framtida".

  • Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv
    Avissamarbeid vart elektronisk magasin om næringsliv

    Firda og Firdaposten har samarbeidd om næringslivsavisa som over nesten 50 sider skriv om leiarar, entreprenørar, gründerar og innvandrarar i fjordfylket. Den elektroniske avisa er lett tilgjengeleg på nettet.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 120 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by